I tredje episode episode av «Industrihøvdingen» fortel styreleiar i Grieg Seafood, Per Grieg jr., si historie.
Grieg er bygutten som vaks opp med skipsmeklarfar Per Grieg sr. Etter å ha fullført utdanning på NTNU i Trondheim og på den franske handelshøgskulen Insead, byrja han å jobbe i Grieg-konsernet midt på 1980-talet.
- SJÅ FØRSTE EPISODE: Olav Svendsen jr.
- SJÅ ANDRE EPISODE: Ole-Eirik Lerøy
Så kom moglegheita for å gå inn i den norske laksemarknaden, og i 1992 vart Grieg Norwegian Salmon skipa.
– Då me byrja med dette etter at Fiskeoppdretternes Salgslag (FOS) gjekk konkurs, var det eit behov for å få opp igjen salsledd og internasjonal aktivitet. Det kunne me litt om, så det var nokon som ville få oss med på det.
– Den gangen var Hydro Seafood verdas største oppdretsselskap og produserte 4.000 tonn årleg. Ein normal konsesjon produserte eit par hundre tonn, så det var mange små aktørar med.
Han kunne aldri ha sett føre seg at norsk oppdrettsnæring ville utvikle seg slik den har gjort. – Det drøymde me ikkje om, seier Grieg.
Etter kvart vart selskapet børsnotert, og Per Grieg jr. gjekk av som administrerande direktør, før han gjekk inn i jobben som styreleiar.
– Som du veit, er eg bygutt, og eg kunne veldig lite om oppdrett. Me hadde ikkje den fordelen med at me dreiv personleg som mange av dei andre mellomstore. Dei har drive med det sjølv heile tida og sit tedd på produksjonen, seier Grieg.
Deira fordel var derimot deira internasjonale orientering. Slik gjorde dei seg attraktive, og Grieg Seafood har lukkast med sin strategi, og driv no oppdrett i Norge, Canada og Shetland.
No meiner Grieg at næringa bør stå saman om å løyse utfordringane som står til hinder for vekst i næringa. Spesielt i luseproblematikken er det for lite samarbeid, meiner han.
– Både næringa og samfunnet er for lite flinke til å dra saman. Det er mange «Petter Smart» som vil finne løysinga på lusa, men me har ingen store forskningsprosjekt som me kan gjere saman, seier Grieg, og legg til:
– Tenk om me hadde brukt 1 milliard, kvart år, for å forske på ei luseløysing. Då trur eg me kunne funne den løysinga på to år – og kanskje raskare.