Storeksportøren klarte ifjor å auke salsvolumet sitt betrakteleg samanlikna med 2020.
– 2021 var eit bra år. Vi hadde ein kraftig auke i volum, og vi har ein organisasjon som er veldig flink til å takle ei slik auking, noko som gjorde at vi fekk ei god forteneste, fortel Dag Aksnes, administrerende direktør i Seaborn, til iLaks.
Bergen-baserte Seaborn, som driv med distribusjon av laks og aure, fekk i 2021 ei auke i omsetning på 32,8 prosent, frå 5,7 milliardar kroner i 2020 til 7,6 milliardar kroner i 2021. Bedrifta klarte å utnytta denne aukinga i volum og endte med eit driftsresultat på 96,9 millionar kroner, som er nesten ei dobling frå i fjor.
Det har derimot ikkje sett like lysande ut i år, då det har vert ein del mindre volum fisk tilgjengeleg enn det var i fjor. Aksnes trur ikkje at ein vil nå de same høgdane i år, som i fjor.
– 2022 er eit langt mindre tilrettelagt år. Det er rett og slett lite fisk tilgjengeleg. Det er det stikk motsatte av i fjor. Det har gått greit så langt, men visst det vedvarer med så lite fisk, som nå så kan det bli tøft å tene penger, fortel Aksnes.
Han ser for seg at det derimot kan auke på i løpet av året, og at det ikkje nødvendigvis vil sjå like negativt ut, som nå ved slutten av året.
– Basert på slik vi har sett så langt i år, kan ting bli vanskeleg, men volumet vil nok auke på litt utover året. Så salet vil nok ta seg opp noko utover året, fortsetter Aksnes.
Seaborn-styret har vald å ta ut 24 millionar kroner av resultatet i år til utbytte. Bedriften eiges av fleire norske fiskeopdretterar.
Seaborn | 2021 | 2020 | Endring |
Omsetning | 7.540,0 | 5.679,0 | 32,8 % |
EBIT | 96,9 | 50,7 | 91,4 % |
Resultat før skatt | 94,8 | 42,8 | 121,4 % |
Driftsmargin | 1,3 % | 0,9 % | |
Alle tall i millionar kroner
|