DNA-vaksina mot PD nesten tre gongar dyrare

Nyheter
1119

Elanco si DNA-vaksine er langt frå gratis. – Den er for dyr, seier Helge Daae ved Fjon Bruk.

Det Alsaker Fjordbruk-eigde selskapet er dei første som prøver ut den nye vaksina. Allereie om to-tre veker skal fisken som er vaksinert med DNA-vaksina mot PD ut i sjøen.

Vonar prisen går ned
iLaks får opplyst at prisen er vesentleg, heile 166 prosent, dyrare enn standardvaksina. DNA-vaksina er med det nesten tre gongar dyrare.

DRIFTSLEIAR: Helge Daae i Fjon Bruk. FOTO: Ole Alexander Saue.

– Vaksinekostnaden er blitt rimeleg stor. DNA-vaksina er for dyr, men alle skal jo tene pengar. Eg vonar prisen går ned etter kvart, med større produksjon, seier Helge Daae. Han ynskjer ikkje å gå ut med prislappen offentleg.

Leiar for Elanco Aqua i Norge, Antonio Ramiro, går likevel langt i å stadfeste prisen.

– Eg kan ikkje kommentere eksakte tal, men summen du oppgir til meg høyres korrekt ut, seier Ramiro og refererer vidare til grossistpris.

Ville teste så kjapt som mogleg
Prisen skremte likevel ikkje Fjon Bruk.

– Ei vanleg virusvaksine vert aldri 100 prosent – kanskje 30, 40, eller 50 prosent. Denne har derimot vist rundt 100 prosent effekt. Og er ein 100 prosent vaksinert i sjøen, så tapar ein ikkje pengar, seier Daae.

– Så snart me høyrde den var godkjent til bruk, så skulle me ha den. Me fekk dei første dosane som vart tilgjengeleg på marknaden. Leiinga i Alsaker ville teste dette så kjapt som mogleg, for å få erfaringar allereie no til sommaren, seier Daae.

Ramiro har heller ikkje opplevd prisen som eit hinder for oppdrettarane.

– Det har ikkje vore ein «deal breaker» so langt. Det er ikkje noko som uroar oss. Eg må likevel påpeike at me ikkje har vore i kontakt med så mange kundar enno, seier han.

Held fram med DNA-vaksina
Fjon Bruk har stor tru på vaksina, og er beredt på å gå fullt og heilt over til DNA-vaksina.

– Me vil halda fram ganske intenst med å bruke denne vaksina, og kutta ut den andre. Planen for all haustfisken er å bruke DNA-vaksina, seier Daae.

– Me har store forevntningar til den. Det var difor me heiv oss rundt og tok dette på sparket. Fisken var i utgangspunktet ferdigvaksinert, men no nyttar me DNA-vaksina. Denne skal gi mykje betre vern.