– Det har vore eit krevjande 2021, og det vart ikkje slik me ynskja oss

Nyheter
0

Plany sitt årsresultatet før skatt enda på 0,7 millionar kroner, ein nedgang på 84,7 prosent frå året før.

På den positive sida har strategien for å auka omsetninga til selskapet funka. Den har auka med 23,4 prosent, til 35,8 millioner kroner, men kostnadene har òg auka.

– Me opplev at effekten av korona framleis påverka oss. Det har vore eit krevjande 2021, og det vart ikkje slik me ynskja oss. Me er likevel godt nøgd med omsetningsauken, som er ein del av strategien vår for å få grøne tal, fortel administrerande direktør, Kjell Åge Saure, til iLaks.

Bedrifta har ein eigenkapitaldel på 18,1 prosent av ein totalbalanse på 13,7 millionar kroner. Styret har ikke sett av utbytte til eigarane etter fjoråret.

– Det er ein del utviklingsprosjekt, som me har tatt på 2021 budsjettet, som me trur vil gi eit positivt resultat i 2022, og det at prisane auka på aluminium og stål har gjort at me har fått ein betydeleg meirkostnad, fortset han.

Plany er eigd av S. Notøy Eiendom, som har forretningskontor i Haugsbygda i Sande kommune. Selskapet hadde 31 tilsette, kjem det fram av Proff sine tal.

– Resultatet i 2022 har hatt ein flott auking i forhald til 2021, og akkurat no ligga me på plussida. Me trur det vil bli eit bra år, avsluttar Saure.

Plany 2021 2020 Endring
Omsetning 35,8 29,0 23,4 %
EBIT −0,5 −0,2 129,3 %
Resultat før skatt −0,7 −0,4 84,7 %
Driftsmargin −1,4 % −0,8 %
Alle tal i millionar kroner