– Det er veldig dårleg. Me er trass alt i 2018.

Nyheter
1544

Mangeårig administrerande direktør i Ellingsen Seafood, Line Ellingsen, tykkjer det er rart at det er så få kvinner i toppen av norsk oppdrett.

– Men eit viktig spørsmål er: Søker kvinnene? Me må oppfordre kvinner til å ta utfordringane. Skal ein generalisere litt, søker dei kanskje mest det trygge, kor dei er sikre på at dei er kvalifiserte og kan gjere ein god jobb, seier Ellingsen.

Ho meiner med det at det med andre ord ikkje naudsynlegvis er leiinga i norske oppdrettsselskap det er eit problem med. No vonar ho at fleire kvinner tek steget opp på toppnivå i norsk oppdrett.

Har blitt undervurdert
Sjølv har ho vore sjef i Ellingsen Seafood sidan året ho fylte 28 år – i 1997. Det har stort sett gått fint, men éi spesifikk hending hugsar ho godt.

– Det har vore nokre artige situasjonar. Eg hugsar eg tok med meg produksjonsleiaren vår på eit møte, og så henvendte motparten seg konsekvent til produksjonsleiaren. Det tykte han var ubehageleg, og til slutt måtte han seie «snakk til ho, det er ho som er direktøren her», seier Ellingsen.

Elles har det stort sett gått greit. Likevel vedgår ho å ha blitt undervurdert ved fleire høver.

– Men det vel eg heller å tru har ein samanheng med at eg var ung, og ikkje fordi eg var kvinne. Eg hugsar eg vart så lykkeleg då eg fylte 30. Då fekk eg med ein gang litt meir pondus, seier Ellingsen og ler.

– Forstår det ikkje
Tilbake til statistikken: Som iLaks-artikkelen synte i går, er berre to av dei 20 største oppdrettsselskapa i Norge styrt av ei kvinne.

Berre 12,9 prosent av personane i leiinga i dei børsnoterte selskapa er kvinner.

– Det er for dårleg. Eg forstår ikkje kvifor det er slik. Der må det vere at damene ikkje søker. Det håpar eg iallfall er grunnen.

– Det er litt rart at ikkje fleire kvinner er med i ein så spanande bransje. Me er trass alt i 2018, held ho fram.

Fleire kvinner studerer
På «Havbruksdrift og ledelse»-studiet på Nord Universitet kjem det stadig fleire kvinner. Medan det per dags dato er 63 prosent menn, er det om lag 50-50-fordeling i det ferskaste kullet.

– Det er kjempepositivt og eg trur dette kjem til å endre seg, men det har gått ganske treigt. Eg har sjølv vore i næringa i 20 år. Det var òg veldig få då eg kom inn, men eg registrerer at det vert fleire.

– Det bør endre seg, og eg ser ingen grunn til at det ikkje skal gjere det.

– Må heie fram kvinnene
Ho peikar òg på at ein del kvinner som vel å gå inn på fiskehelse- og veterinærsida. Ellingsen oppmodar no til å gi kvinner naudsynt tryggleik for å ta på seg større oppgåver.

– Me må vere flink til å heie fram dei kvinnene som er, og så må me gi dei ein sjanse. Me må gi dei tryggleiken dei har behov for. Dette kjem nok til å ta tid, seier ho.