– Det er litt som å være ein gründer, men med eit enormt apparat med kompetanse og utstyr tilgjengeleg

Nyheter
0

Framo Innovation prøver å skape eit nytt marknad for pumpeprodusenten.

Selskapet starta med pumpar til shippingnæringa, og deretter gjekk Framo inn i olje- og gassnæringa. I 2018 fann selskapet ut at det var på tide å sjå etter ei ny næring, og oppretta Framo Innovation.

Gjennom mange gangar i hovudkontoret leiar direktør Oddbjørn Jacobsen fram til eit rom med bilete frå den første patenten til Frank Mohn og fram til pumpene, som opererer over heile verda i dag. Dette er her Innovation held til. Dei 15 tilsette har sida 2018 arbeida med korleis dei skal bruka sin kunnskap for oppdrettarar.

– Me kunne ikkje sjå mot shipping eller olje og gass, og etter ei stund fann me ut at akvakultur var den rette næringa. Her kunne våra system bidra, og aktørane var allereie verdsleiande, fortel Jacobsen, til iLaks.

Produkta til Framo går gjennom heile fasen frå idè til produksjon i selskapet, som har fabrikkar på Flatøy, Fusa og Holsnøy.

– Produktet ein har kome opp med er AquaStream. Dette er eit pumpesystem, som pumpar store vassmengder frå djupet under alge- og lusebeltet. Vatnet som blir pumpa opp har riktig oksygenmengde, temperatur og er fritt for lus og algar. Det skaper òg straumningar, som gjer at fisken blir meir aktiv og får høgare appetitt, fortel Jacobsen.

Slik skal Stadion annlegget, som skal ha pumper frå Fram sjå ut. ILLUSTRASJON: Stadion Laks/Nagelld

Saman med næringa
Eit av prosjekta Framo har gått inn i er Stadion Laks, eit lukka, flytande produksjonsbasseng utvikla av Lingalaks.

Dei fortel at frå starten av så var korleis vatnet i det lukka systemet flyt viktig. Det er slik at visst vatnet ikkje flyttar seg der ein ynskjer, så vil ein få sonar med vatn som ikkje vert reinsa. Sjølv om dei har tru på prosjektet så er dei inne midletidleg då det er kontraktfesta at selskapet skal ut når prosjektet går over frå pilotfasen til drift.

– Vårt fokus ligger på å utvikla produktet saman med kunden, og finne løysningar saman, men me skal ikkje blir oppdrettar og går ut når prosjektet er i drift, seier salsjef, Terje Ljones, i Framo Inovation.

Korleis straumen skal gå i Stadionannlegget. Foto: Framo

I starten gjekk vatnet ikkje skikkeleg rundt i annlegget. Dette gjorde at vatnet vart samla opp i endane.

– Det er noko me klarte å endra med plassering av pumpene og endring av kor ein tar inn og slepp ut vatnet, fortel Ljones.

Gründar med stort mannskap i ryggen
Jacobsen går lengre inn i bygget, og ned til det han kaller «det aller helligaste», og er kjapp med å fortelja at her får ein ikkje ta bilete.

Rommet me kjem inn i inneheld prototypar av prosjekt dei held på med og to kar. Eit av dei er brukt av masterstudentar, som forskar på pumpesystema til Framo Inovation, og eit er ein modell av stadionprosjektet.

– Me er 15 personar i Framo Innovation, men me har eit stort team med lang erfaring i ryggen. Når produkta er ferdig utvikla hjå oss så kan me senda dei til ein av fabrikkane våra og få tilbake eit ferdig produkt, fortel Jacobsen.

– Det er litt som å vera ein gründer, men med eit enormt apparat med kompetanse og utstyr tilgjengeleg, avsluttar han.

Innovation har fått tilgang til ein eigen dokk der dei kan testa ut mange av ideane sine i ein større skala, men framleis godt under skalaen det blir i merdane rundt om.

LiftUP Slamoppsamlingssystem. Foto: LiftUP

Kjøpte slamoppsamler
I slutten av 2021 kjøpte Framo-eigar Alfa Laval opp LiftUp. Selskapet produserte pumper og renseutstyr som fjerner død fisk, avfall og slam fra fiskemerder. Det blei dermed slått saman med Framo, og eit av produkta Framo tilbyr.

– For å kunne samle opp slam, må ein få slammet bort frå fisken. Då var vårt system saman med LiftUp ein god kombo, fortel Ljones.

Samarbeidspartner på Stadion-prosjektet Lingalaks, var den første som bestilte nye Framo LiftUP sine produkt.

– Me ynskjer å skyta innertier, som på skyttarstemnet. Med modellar og prototypar klarer me ikkje det. Me må arbeida saman med kunden for å treffe blink, avsluttar Jacobsen.

Oversiktsbilde av Framos lokaler på Askøy. Foto: Framo