Desse to forholda vil Ystmark ha avklart i lakseskatt-spørsmålet

Nyheter
761

– Det er eit tvilsamt grunnlag for å innføre ein særskatt for oppdrettsnæringa, meiner Geir Ove Ystmark, administrerande direktør i Sjømat Norge.

Fram til 1. november 2019 skal eit utval arbeide med ei innstilling til Finansdepartementet om ein grunnrenteskatt for havbruksnæringa. Den er basert på same modell som vasskraftnæringa. Også oljenæringa har ein naturressursskatt.

– Er det naturressurs?
Ystmark meiner at havbruksnæringa betaler for naturressursane når dei kjøper vekst, og vil i tillegg ha avklart om oppdrettsnæringa er stadbunden.

– Det er grunnleggjande forhold som bør kartleggjast om ein i det heile teke skal ha ein skatt, seier Ystmark.

– Olje eksisterer på norsk sokkel, og vasskraft er eit resultat av norske elver, men det oppdrettarane gjer er å sjølv investere i omtrent alle produksjonsfaktorar. Det er oppdrettar som produserer smolt, fôrar laksen, får laksen fullvaksen, betaler kostnad av slakting og transport – og i tillegg investerer i teknologi, seier han vidare.

– Går gjerne til statskassa
Første nestleiar i Næringskomiteen, Torgeir Knag Fylkesnes (SV), meiner det viktigaste ved skatten er å skape legitimitet.

Torgeir Knag Fylkesnes. PRESSEFOTO: SV

– Det eg fryktar aller mest er at ein ikkje sikrar legitimitet. Striden som aukar i styrke mellom næringa og kystsamfunn kjem til å auke. Det som var utgangspunktet for heile diskusjonen var at mange fattige kommunar, med høg opdrettsaktivitet, såg lite av inntektene medan selskapa hadde milliardar i overskot, seier Fylkesnes til iLaks.

Ystmark er òg tydeleg på at inntektene bør gå til kommune, og ikkje til stat. Grunnrenteskatten i vasskraftnæringa går til statskassa.

– Eg er ikkje sikker på at dette er ei god sak for kommunane. Denne skatten kan gjerne gå til statskassa, seier Ystmark.

Kamp mellom dei med mykje pengar
Knag Fylkesnes i tillegg ein meiner bør endre måten ein tildeler vekst på.

– No hentar samfunnet inn inntekter av sal av konsesjonar. Det er ein rein kamp mellom dei som har mykje pengar. Me må senke konsesjonsavgifta vesentleg, og i staden stille krav til miljø og ringverknadar. Og så nyttar ein grunnrentebeskatninga til å sikre legitimitet og fordele inntektene av overskotet, seier han vidare.