Denne veka kjem rosa fast food til «laksehovudstaden» når Pink Fish opnar i Bergen

2248

– Det krevjer mykje kapital, så risikoen er at ein går tom for pengar før det vert kjent nok, seier medgründer og Bocuse d’Or-vinnar Geir Skeie til iLaks.

På tampen av 2017 opna den første Pink Fish-restauranten på Steen & Strøm-senteret i Oslo. Så starta dei i Grensen i same by. Konseptet er enkelt: hurtigmat med laks som hovudingrediens.

– Det kan ta tid
Eit drygt halvår seinare opnar dei på Galleriet i Bergen. I tillegg er to nye restaurantar under planleggjing i Oslo.

– «Fast food» med berre sjømat er veldig nytt. Me har éin restaurant på gateplan i Oslo, som går veldig bra. Den nede i kjøpesenteret går ikkje like bra når det er 30 grader ute, seier Skeie til iLaks.

Han eig ein tredjedel av selskapet, saman med Ronny Gjøse og Gse Sandvik – med Egil Sandvik i spissen.

– Det kan ta litt tid for at folk forstår at ein kan få god fast food med berre fisk. Det handlar om å få flest mogleg folk inn og la dei smake og sjå kva me gjer. Dei er jo vant til å ete laks, men ikkje på denne måten, seier han vidare.

Saka held fram under biletet.

Pink Fish i Bergen. FOTO: Ole Alexander Saue.

I 2019 har dei budsjettert med ein omsetnad på om lag seks millionar kroner for Bergen-restauranten.

– Godt alternativ
Fitjarbu Ørjan Tislevoll er innom restauranten for ein smakebit, to dagar før offisiell opnning. Tysdag er det spesielt inviterte som får teste ut menyen, medan dei totalt ti tilsette får opplæring.

– Eg prøvde ein asiatisk lakseburger. Den var kjempegod – og sterk, seier Tislevoll.

Saka held fram under biletet.

Ørjan Tislevoll likte lakseburgeren han prøvde i Pink Fish-restauranten på Galleriet i Bergen. FOTO: Ole Alexander Saue.

– Et du mykje laks?

– Prøver iallfall. Dette er eit veldig godt alternativ til anna fast food ein har. Konseptet er stilig, og det er tøft at dei vågar å satse, seier han vidare.

Skeie, som eig sjømatrestaurantar både på Stord og i Sandefjord, fortel om gode tilbakemeldingar.

– Tilbakemeldingane er at maten er god. Dei tenkjer ikkje så mykje over at det berre er fisk, fordi det er så stort spenn i kva ein kan kjøpe, seier han.

Vil opne fleire tusen restaurantar
Og no har dei planar for vidare vekst.

Store planar.

I 2019 ynskjer dei å gå ut i verda, med Asia som første stopp.

– Dette er heilt nytt. Ingen i heile verda har gjort noko liknande, og no har me planar om å opne fleire tusen restaurantar i heile verda.

– I Asia er jo laks veldig stort. Og det er der folk er. Norge er jo berre ein liten forstad i antal innbyggjarar samanlikna med Kina.

Han er likevel klar på at satsinga inneber ein stor risiko.

– Det krevjer mykje kapital, så risikoen er at ein går tom for pengar før konseptet vert kjent nok. Men i dag har me god kontroll. Me veit ikkje om dette treff 100 prosent, men alle undersøkingar seier at folk vil ha dette. Folk vil ha meir laks, det skal gå raskt og folk vil ta mat med seg.

Byrja i Norge
Likevel var det naturleg å byrje i Norge.

– Me er jo frå Norge, og laksen er norsk, så det er enkelt å teste ut ting her før me ruller det ut i resten av verda, seier han. Laksen får dei levert frå Lerøy.

Pink Fish i Bergen. FOTO: Ole Alexander Saue.

At Pink Fish kom til Bergen var likevel ikkje hogd i stein.

Dei hadde først tenkt å berre vere i Oslo. Så dukka moglegheiten på kjøpesenteret Galleriet opp.

– Då følte me at me ikkje kunne seie nei. I tillegg er jo mykje laks frå Vestlandet, så det passar fint, seier Skeie.