– Den same skattedebatten går på Færøyane

Nyheter
1507

Administrerande direktør i Hidden Fjord, Atli Gregersen, meiner styresmaktene ikkje er bevisste nok på at oppdrettsnæringa svinger.

Det siste halvåret har ein særskatt på norsk oppdrett blitt heftig diskutert. Den 30. april kom annonserte Nærings- og fiskeridepartementet at dei vurderer ei grunnrentebeskatning for oppdrettsnæringa frå 2020. No jobbar eit regjeringsutnemnt utval med å finne ut ein passande modell.

– Om ein tener mindre, går nesten alt til staten
På Færøyane går dei same diskusjonane, ifølgje Gregersen.

– Me har ein selskapsskatt på 18 prosent, og ein ekstraskatt som nyleg vart auka til fem prosent av salsverdien. Den same debatten går altså her, seier han til iLaks.

– Eg meiner i prinsippet det er feil. Dersom lakseprisen er høg, er ikkje fem prosent veldig mykje, men om prisen er låg, vert det veldig mykje. Om me tener mindre, går nesten alt til staten, seier han, og legg til:

– Dei er ikkje bevisste på at denne marknaden svinger.

Saka held fram under biletet.

Her viser Atli Gregersen fram statistikk om dødelegheit på Færøyane. FOTO: Ole Alexander Saue.

– Heimebane for både laks og lus
Likevel er det ikkje alt med den færøyske forvaltninga han er kritisk til. På generelt grunnlag er han nøgd med spelerommet dei har.

– Produksjonssystemet på Færøyane er veldig godt. Ein har «fri produksjon» på konsesjonane, og får produsere etter miljøpåverknad. Me er nøydd til å rapportere inn årleg, og så vert det bestemt ut frå det.

Sjølv meiner han dei har gode forhold for lakseoppdrett på Færøyane. Men problema er ikkje få. Òg her er det utfordringar knyt til lus.

– Reint biologisk er forholda på Færøyane ideelle til å produsere laks. Men dersom laksen er på heimebane her, er det òg heimebane for lusa, seier han.

Saka held fram under biletet.

Atli Gregersen, administrerande direktør i Luna/Hidden Fjord. FOTO: Ole Alexander Saue.

– Forstår kritikken dersom den er sakleg
– Kva med miljøavtrykket?

– I eksponerte lokalitetar har ein ikkje problem med fotavtrykk på botnen. I ein lukka fjord, får ein det. Men sidan 1998 har me, etter norsk tankegang, målt kor mykje me forureinar botnen. Me er pålagt å redusere produksjonen dersom me går over grensa. Me har klart å halda oss under grensa.

– Forstår du kritikken om forureining?

– Ja, dersom den er sakleg, seier han.

Luseproblem
Gregersen er engasjert. Når iLaks beveger seg inn på miljøproblem, er det lus han er mest interessert i å prate om.

Han presiserer likevel:

– Det er viktig at me oppdretter det naturen toler. Det er mykje me må passe på. Både me, og etterkommarane våre, skal kunne tene på dette her i framtida.

– Lusa er den klart største biologiske utfordringa. Eg kunne prata i timevis om det, følgjer han opp.