Dagleg leiar i Sørrollnesfisk om nye skattereglar: – Me er usikre på om det i det heile er mogleg å driva i framtida

Nyheter
0

Nye skatteregler kan gjer det vanskeleg for oppdrettaren i Troms, som har vert prega av algeinvasjon i to år. 

Selskapet fekk i 2021 bygget seg opp igjen etter to vanskelege år. Omsetninga auka med 61,7 prosent, og driftsresultatet auka til 78,5 millionar kroner frå 60,9 millionar kroner året før.

Selskapet vart som kjent knallhardt ramma under algeinvasjonen i 2019. Selskapet mista rundt 90 prosent av fisken i dei ramma merdane.

– Vi har fått kontroll på det biologiske, og resultatet snakkar vel for seg sjølv, fortel dagleg leiar Åse Marie Olsen, på telefon til iLaks.

Slik så det ut på kaia i Balteskard i Grovfjord under algeoppblomstringen i 2019. Bildet er tatt av Northern Lights Salmon, som Sørrollnesfisk har samdrift med. FOTO: Northern Lights Salmon

Ny skatt
Det er derimot ein anna sak, som bekymrer henne for framtida.

– Det er det skattemessige rundt verdisetting på lokalteigde oppdrettsselskap som bekymrar oss. Me er usikre på om det i det heile er mogleg å driva i framtida, fortel ho.

Les også: Reaksjoner på skattesjokket: – Vi får daglig henvendelser fra selskaper som enten vurderer salg eller å gå på børs

Dei nye skattereglane kjem etter at Solbergregjeringen la inn eit forslag om at eigarar av oppdrettskonsesjonar skaffa før 1998 skulle betala formuesskatt ut frå marknadsverdien av desse, noko dei har vert untatt tidlegare. Dette tok Støre regjeringa med vidare, og gjennom budsjettforliket med SV i slutten av november kom det så ytterlegare aukingar i både formuesskatt og utbytteskatt.

Eigenkapitalen til Sørrollnesfisk har auka frå 242,6 millionar kroner i 2020 til 304,2 millionar kroner ved utgangen av fjoråret. Bedrifta sin eigenkapitaldel er på solide 82,5 prosent.

Sørrollnesfisk sine lokaliteter i Hamnvik i Ibestad kommune. FOTO: Google Maps.

Samarbeider om drift
Sørrollnesfisk driv oppdrett på tre konsesjonar gjennom selskapet Trollvika Drift der dei eig 42,8 prosent. Selskapet er samlokalisert med Northern Lights Salmon på lokalitetane Enkeltstein og Svartskjær på Sørrollnes i Ibestad kommune og på lokalitetane Trollvika og Ystevika i Grovfjord i Tjeldsund kommune.

Selskapet eig òg 16 prosent i Fjordsmolt, som leverer smolten deira, og 38,4 prosent i slakteriet Breivoll Marine Produkter.

Sørrollnesfisk er 100 prosent eigd av Kurth Olsen og Sønner, og hovudkontoret ligg på Hamnvik i Ibestad kommune i Troms.

SØRROLLNESFISK 2021 2020 Endring
Omsetning 291,3 180,1 61,7 %
EBIT 78,5 60,9 29,0 %
Resultat før skatt 79,0 61,6 28,2 %
Driftsmargin 27,0 % 33,8 %
Alle tall i millionar kroner