Coast om Roadfeeders-oppkjøpet: – Det var veldig viktig å sikre denne kapasiteten

Nyheter
1620

Førre veke vart det kjent at Coast Seafood redder Roadfeeders frå konkurs. No skal Sverre Søraa sjå på korleis selskapet kan omorganiserast.

– Ambisjonen med Roadfeeders er å kunne sikre at det er kapasitet for flypakking for sjømatnasjonen Norge, seier Søraa til iLaks.

Kunne blitt utfordringar
Førre veke vart det kjent at Roadfeeders melde oppbud. Berre dagar etter fekk selskapet nye eigarar, milliardeksportør Coast Seafood.

Roadfeeders handterer store delar av laksen som vert sendt inn og ut av Gardermoen, og har over 80 selskap på kundelista, mellom andre Norwegian, Turkish Airlines, Thai Airways, Japan Airlines og KLM/Air France.

– Det var viktig for oss å sikre denne kapasiteten. Det er berre to aktørar som held på med dette i dag, seier Søraa.

– Det har vore sagt at det kunne bety at det ville bli utfordrande å få ut sjømaten som skal ut frå Norge. Det er vurderinga me gjorde, og ergo tykte me det var veldig viktig å sikre den kapasiteten, seier Søraa.

Lang sikt
– Kva vil de gjere med selskapet på sikt, når økonomien er stabla på beina, kapasiteten er sikra og selskapet kan driva forsvarleg framover?

– Det er vanskeleg å svare på, i og med at me ikkje har fått høve til å gå inn i selskapet enno og gjere analysar. Det får me kome tilbake til når me har fått tid på oss til å gjere endringane, seier Søraa.

Rekneskapsåret 2016, som er det siste offentlege, viser at Roadfeeders omsette for nærare 127 millionar kroner, men endte på minus 11 millionar kroner i driftsresultat. Sidan 2012, har dei berre gått i pluss ett år.

– Må vente før me går aktivt inn
No kjem det endringar, ifølgje Søraa.

– Sjølvsagt vil det skje endringar. Slik er det med alle overtakingar. Me ventar med å få på plass alle godkjenningar, før me går aktivt inn i det, seier han.

– Hovudtanken med selskapet er å halda fram med det det er bygd for å gjera – å tilby flypakketenester for eksportørar, flyselskap og speditørar i Norge, legg han til.