– Behandlar me ein heil fjord med den same metoden fleire gongar, lagar me panserlus

Nyheter
838

Hydrogenperoksid-distributør Chemco meiner likevel at følsemda for kjemikalium er på veg tilbake.

Onsdag kunne iLaks skrive at leverandørane av hydrogenperoksid til lusebehandling går i minus.

– Malar seg inn i eit hjørne
Mekanisk behandling har for alvor blitt det foretrukne alternativet mot behandling av lakselus. Biolog Jan Rune Nordhagen i Chemco meiner likevel ein børe vere forsiktig med for einspora avlusing.

Hos Chemco på Askøy står det tomme containerar. FOTO: Ole Alexander Saue.

– Det eg tykkjer er skummelt er at næringa er i ferd med å male seg inn i det same hjørnet som dei har ein tendens til å gjere. Behandlar me ein heil fjord for mykje med den same metoden, lagar me panserlus, seier han.

Må veksle
– Me må veksle bruken av avlusingsmetodar. Det er heilt klart. Det er tull å starte med ein behandling om ein veit den ikkje har effekt, seier han vidare.

– Ein må bruke alle verkemiddel ein har planmessig, føyer dagleg leiar i Chemco, Eivind Solheimsnes, til.

– Ufortent omdømme
Hydrogenperoksid har i ei årrekkje hatt eit dårleg omdømme og det har blitt gjort ulike studier på korleis det påverkar miljøet og fiskehelsa. Mattilsynet og Veterinærinstituttet har lenge meint at bruken av kjemiske lusemiddel bør avta.

– Det meiner me er nokså ufortent. Me har testa spreiinga etter fleire H2O2-behandlingar. Etter merdbehandling, kor ein nyttar mest stoff, har fortynningseffekten ført til at sjølv ved ein meter frå anlegget i strømretninga har konsentrasjonene av peroksid blitt svært låge, seier biolog Nordhagen og viser til eit forsøk gjennomført for to år sidan. Chemco finansierte 38 prosent av prosjektet.

– Hydrogenperoksid er i utgangspunktet eit stabilt stoff. Men i ein fjord vil det, i tillegg til fortynningseffekten, raskt oksidere og bli til H2O og O2. Akva-plan Niva skriv at raudåte er den mest sensitive av dei artane som er testa, men sjølv der vil effekten vere i eit avgrensa område, seier han vidare.

Saka held fram under biletet.

PANSERLUS: Dagleg leiar i Chemco, Eivind Solheimsnes, med panserlus-grafitti på veggen. Biletet er det gatekunstnaren «Joy» som står bak. FOTO: Ole Alexander Saue.

No er dei spent på kor stort salet av hydrogenperoksid vil bli i løpet av hausten.

– Me veit ikkje sikkert. Dei som køyrde hydrogenperoksid i vinter hadde overraskande god effekt. Der lusa hadde nedsett følsemd før, kjem effekten tilbake, seier Solheimsnes.

Mekanisk avlusing
Chemco forstår nedgangen i bruk av kjemikalium, men meiner òg ein har eit stykke å gå når det gjeld mekanisk behandling.

– Skal ein bli god på mekanisk avlusing, må ein gjere det mange gangar. Ein må utvikle metoden, og så forbetre den gjennom bruk. Slik har det vore med hydrogenperoksid òg. Ein må løyse problema som eventuelt oppstår. Då ein byrja med mekanisk avlusing, var det ein umoden teknologi.

– Folk seier kanskje den stadig er umoden?

– Ja, det kan ein sikkert seie. Eg har ikkje detaljkunnkap om mekanisk avlusing, men det har sikkert forbetringspotensial, seier han.