Bolaks tapte 36,5 millionar kroner i 2021

Nyheter
0

Eit vanskeleg år for Bolaks.

Bjørnafjorden-oppdrettaren produserte 12.500 tonn laks til slakt i fjor. Hovedtyngden av matfisk har gått til Noreg og resten av Europa.

Etter rekordåret 2020 klarte ikkje Bolaks å følgje opp i 2021. Omsetningen fall med 19,5 prosent til 579,5 millionar kroner, og årsresultatet før skatt endte på -36,5 millionar kroner. Sjølv om resultatet enda negativt ser styret positivt på framtida.

«Det er ei positiv marknadsutvikling for laks globalt. Marknadsutsiktene til selskapet, likviditet og framtidsutsikter er gode. Det er framleis vanskeleg å seia noko om konsekvensane av krigen som pågår», skriv styret i deira årsmelding.

Leverer Salma-laks
Salma-produsenten Salmon Brands og Sjor, begge eid av Bremnes Seashore, har i 2021 vore blant dei største kundane til selskapet.

«Ronja Vest» med fire generasjoner Bolaks. Foto: Bolaks

I samarbeid med Bremnes Seashore har selskapet avtale med Sølvtrans om timecharteravtaler (TC) på brønnbåten «Ronja Vest». Denne har vært operativ fra september 2021.

«Tilgangen på denne båten sikrer at selskapet blir enda bedre i stand til å ivareta fiskehelsen på en god måte», skriv styret.

Fekk avslag på unntaksvekst
«Lusetiltak har framleis vert eit fokusområde i drifta. Vi har fått auka kontroll, og kunnskap og preventive tiltak har gjort at vi klarer å ha låge lusenivå. Dei fleste av lokalitetane våre klassifiserer til å kunna søka unntaksvekst», fortset dei.

Selskapet fekk derimot avslag i 2021 på unntaksvekst fordi selskapet leverte inn søknaden for seint.

Bolaks er eigd av familien Holmefjord, og betaler ut 3,1 millioner kroner i utbytte etter årsoppgjøret. Selskapets bokførte totalkapital var på 882,8 millioner kroner ved årsskiftet, av dette var egenkapitalgraden 61,6 prosent.

iLaks har prøvd å få ein kommentar frå Bolaks, men har ikkje fått kontakt.

BOLAKS 2021 2020 Endring
Omsetning 579,5 719,8 −19,5 %
EBIT −30,1 23,3 −228,8 %
Resultat før skatt −36,5 18,0 −303,0 %
Driftsmargin −5,2 % 3,2 %
Alle tal i millionar kroner