Blom Fiskeoppdrett, som driv smoltproduksjon på Askøy og Sotra gjennom selskapa, høvesvis, Strømnes Akvakultur AS og Austefjorden Smolt AS, satsar stort.
Nyleg fekk dei løyve av Hordaland fylkeskommune til å auke produksjonen på lokaliteten på Skålvik i Fjell kommune. Søknaden gjaldt utviding av akvakulturløyve til produksjon av settefisk av laks og aure frå ein biomasseproduksjon på 100 tonn i året, til 1000 tonn i året.
– Me har generelle planar om å utvide settefiskproduksjonen. Me har fleire smoltanlegg og skal auke og sikre kapasiteten i smoltanlegga, fortel Øyvind Blom til iLaks.

Selskapet hans er nemlig i ei utbyggingsprosess kor dei skal få fart på smoltproduksjonen.
Pågåande prosess
– Me søkjer om å auke produksjonen på alle anlegga. Det er ein del av eit større smoltutbyggingsprosjekt me driv med, seier Blom vidare.
No held dei på og ruste opp anlegg, før dei skal setja ut større kar i hallane. – Det er ein pågåande prosess i alle anlegga, og me har i tillegg fått utvida konsesjonen på Askøy òg, held han fram.
Store investeringar
På Sotra-anlegget skal dei investera i om lag 25-30 millionar kroner, ifølgje Blom. Kor dyr satsinga blir totalt, på begge anlegga, vil han ikkje talfesta.
– Men me har betydelege investeringar i smoltanlegga, slår han fast.
Som ein del av satsinga vil dei òg få behov for arbeidskraft.
– Ja, det vil koma nytilsetjingar, seier Blom på spørsmål om det vil bli behov for fleire folk.
Ny teknologi
– Det viktigaste for oss no blir likevel å få både meir, og større, smolt. Me ønskjer å minimere tida i sjøvatn. Det er det viktigaste me held på med om dagen.
På Askøy-anlegget skal dei utvikla RAS-teknologi (Recirculating Aquaculture Systems), kor vatnet vert resirkulert og nytta fleire gongar.
«Det er planlagt å bruke sjøvatn i produksjonen, noko som vil redusere ferskvassuttaket. I tørre periodar kan fisken kjørast på reint sjøvatn», heiter det i søknaden iLaks har fått innsyn i. Løyvet vart innvilga 4. august, medan søknaden vart send alt i oktober i fjor.