Blom Fiskeoppdrett med nullresultat etter vanskelege år i pandemien

Nyheter
0

Det går betre for selskapet, som har sett raude tal to år på rad.

Selskapet fokuserte på å kutte kostnadar i 2021, og har redusert dei betydeleg frå 618,5 millionar kroner i 2020, til 488,9 millionar kroner i 2021.

– Me er ikkje nøgd, men me har betra drifta betydeleg frå dei to førre åra, fortel dagleg leiar Øyvind Blom til iLaks.

Øyvind Blom. Foto: Privat

Selskapet enda på eit driftsresultat på 7,4 millionar kroner, og eit resultat før skatt på 104.935 kroner. Dette er ein stor forskjell frå 2020 der dei hadde eit negativt driftsresultat på -129,1 millionar kroner, og eit resultat før skatt på -113,2 millionar kroner.

– Det går mykje betre i 2022, og det er ein fin utvikling, fortset han.

Plaga med gjeld
Selskapet har etter to negative år mykje lån. Arbeidet med å få opp eigenkapitaldelen i selskapet har så vidt begynt, og dei har gått frå 10,1 prosent i 2020 til 20,9 prosent i 2021.

Gjelda utgjorde 549 millionar kroner i 2021, dette er ein nedgang frå 2020 då gjeld utgjorde 604,4 millionar kroner. Dette er ein nedgang i gjeld mellom åra på 10 prosent, men gjelda pregar resultatet framleis då rentekostnader utgjorde 18 millionar kroner.

Tvist
Selskapet er eigd 66 prosent av Blom gruppa, og 34 prosent av Coast Seafood. Dei har vert i ein tvist mellom Coast Seafood om salsavtalen mellom partane.

Denne enda i valdgift, og selskapet betalte ein erstatning på 4,7 millionar kroner til Coast Seafood.

Les meir her: Coast-seier i retten: – Har ikke betalt underpris til Blom

 

BLOM FISKEOPPDRETT 2021 2020 Endring
Omsetning 496,3 489,4 1,4 %
EBIT 7,4 −129,1 −105,7 %
Resultat før skatt 0,1 −145,1 −100,1 %
Driftsmargin 1,5 % −26,4 %
Alle tall i millionar kroner