I tillegg får selskapet nedtrekk og skattesmell.
Sogneoppdretteren har minska sal og resultat frå 2020 til 2021. Driftsresultatet enda på 11,5 millionar kroner, ein nedgang på 76,9 prosent frå året før.
– Me har hatt mange biologiske utfordringar, som starta allereie i 2020, fortel administrerande direktør og eigar, Erik Osland, til iLaks.
Bytter fisk
Osland følger Firda Seafood-konsernet sine fotspor og bytter til aure fordi fisken er meir robust.
– Aure toler betre behandling. Vi har mindre tap på aure enn laks, og det er ein meir robust fisk, seier Osland.
Selskapet skal bytte fisk i alle sine merder. Først ut er dotterselskapet Osland Settefisk, som set ut det siste fiskekullet nå.
Les meir her: Osland rendyrker oppdrettsatsing: – Vi lykkes bedre med produksjon av ørret

Nedtrekk og skattesmell
Det er ikkje bare biologien, som gjer ting vanskeleg for Osland. Selskapet har fått raudt lys i denne runden i trafikklyssystemet, og er ein av 25 vestlandsoppdrettarar, som saksøkar staten etter førre runde.
Eigar er også sterkt påverka av dei nye skattereglane, som kjem i 2023.
– Når drifta går slik som nå må me ta penger ut frå eigenkapitalen vår for å dekka formueskatten, og det gjer at det vil bli vanskeleg å utvikla bedriften, avsluttar Osland.
Dei nye skattereglane vert endra til at eigarar av oppdrettskonsesjonar skaffa før 1998 skal frå neste år betala formuesskatt ut frå marknadsverdien av desse, noko dei har vert untatt tidlegare. Dette kjem frå Solbergregjeringa sitt budsjettforslag, som Støreregjeringa har tatt med vidare, og gjennom budsjettforliket med SV i slutten har det kome ytterlegare aukingar i både formuesskatt og utbytteskatt.
Osland Havbruk har ein eigenkapitaldel på 41,6 prosent av ein totalbalanse på 618,4 millionar kroner, og styret har satt av 15 millionar kroner til utbytte, og det går i hovudsak til å dekke formueskatten.
Selskapet har 53 ansatte.
Osland Havbruk | 2021 | 2020 | Endring |
Omsetning | 301,3 | 336,0 | −10,3 % |
EBIT | 11,5 | 49,9 | −76,9 % |
Resultat før skatt | 11,6 | 52,6 | −77,8 % |
Driftsmargin | 3,8 % | 14,8 % | |
Alle tal i millionar kroner |