Meir ulykke for selskapet som opplevde algeangrep i 2019.
– Det er biologiske utfordringar som gjorde at me fekk eit negativt resultat i 2021. Fisken måtte slaktast på låg vekt og gale tidspunkt grunna HSMB og CMS, fortel dagleg leiar, Tom Jarle Bjørkly, til iLaks.
Løddingen-selskapet fekk eit kraftig tap av inntekt, som følgje av dei biologiske utfordringane. Ei endring på heile 31,8 prosent i negativ retning, endå med ei omsetning på 94,5 millionar kroner i 2021.
Driftsresultatet for bedrifta endå dermed negativt på -3,5 millionar kroner i 2021, som er langt frå året før då det var på 23,2 millionar kroner.
Ny skatt
Selskapet er som mange andre lokale oppdrettarar bekymra for at auka skatteutgifter kan gjere det vanskeleg dei komande åra.

– Når staten ynskjer å kutta oppdrettsnæringa med endringa i skatt, så må dei skjønna at oppdrett er på biologien sine premissar og varierer frå år til år, fortel Bjørkly.
Les meir om det her: Reaksjoner på skattesjokket: – Vi får daglig henvendelser fra selskaper som enten vurderer salg eller å gå på børs
Eit lysare 2022
Selskapet ser derimot positivt på 2022 dersom lakseprisane held seg på det nivået dei er på no. Dei biologiske utfordringane i 2021 har gjort at selskapet ikkje har fått slakta fisk endå, men dei har vorte kvitt sjukdommane, som har plaga fisken.
– Med dei utfordringane me hadde så har me ikkje slakta fisk endå i 2022, men me håper at det er same pris når me gjer det, som det er per no, fortset han.
Selskapet er eigd av Ytterstadfamilien gjennom holding selskapet deira. Mortenlaks har ein totalkapital på 169,6 millionar kroner ved årsslutt i 2021, og av den er eigenkapitaldelen på sterke 80,7 prosent.
MORTENLAKS | 2021 | 2020 | Endring |
Omsetning | 94,5 | 138,6 | −31,8 % |
EBIT | −3,5 | 23,2 | −115,2 % |
Resultat før skatt | −3,2 | 23,3 | −113,5 % |
Driftsmargin | −3,7 % | 16,7 % | |
Alle tall i millionar kroner |