Årsresultatet gjekk opp 45 prosent, til 345,8 millionar kroner, for Eidsfjord Sjøfarm

Nyheter
0

Selskapet fekk ein driftsmargin på solide 30,1 prosent.

Holmøy-oppdrettaren har 17 lokalitetar som strekker seg frå Vesterålen i sør til Skjervøy i nord. Selskapet hadde eit auke i sal og resultat frå 2020 til 2021. Årsresultatet før skatt enda på 345,8 millionar kroner, ein oppgang på 45 prosent.

Det vart slakta 22.000 laks i 2021. Dette er ein auke på 23,8 prosent set opp mot 2020.

«Eidsfjord Giant». FOTO: Eidsfjord Sjøfarm

Fekk utviklingstilatelse etter klage
Eigsfjord Sjøfarm fekk i 2021 delvis tilsagn på klagen sin for konseptet «Eidsfjord Giant». Det blei søkt om 17 utviklingstilatelser til det 270 meter lange lukka postsmoltanlegget, men selskapet blei bare tildelt sju.

Selskapet har òg investert i luselasere frå Stingray, og blei i fjor tildelt lasernode nummer 500.

«Hos Eidsfjord Sjøfarm har ein investert i laserar som «skyt» lus. Dette har gitt gode resultat og medført ein reduksjon i fysisk avlusning. Dette inneber ei stor betring på fiskehelsa,» skriv selskapet i ei pressemelding.

Slik skal lakseslakteriet sjå ut når det Snøhetta-teikna anlegget er ferdig våren 2024. Illustrasjon: Holmøy.

Bygger slakteri og setjefiskanlegg
Konsernet har fram til no slakta gjennom «leigeslakting», og har starta bygging av eige slakteri på Holmen i Vesterålen. Slakteriet skal stå ferdig i første kvartal av 2024. Når det er ferdig vil det kome 60-70 nye stillinger. Selskapet er òg i gang med planlegging av eit nytt setjefiskanlegg.

Styret har sett av 117,6 millionar kroner til utbytte etter 2021. Selskapet har ein eigenkapitaldel på 56,2 prosent av ein totalbalanse på 2.177,9 millionar kroner.

Selskapet er ein del av Holmøy-konsernet, som er eigd 100 prosent av Holmøy familien. Konsernet eig, i tillegg til Eidsfjord Sjøfarm, rederiet Prestefjord og Holmøy Fryseterminal. Eidsfjord Sjøfarm har 39 faste ansatte, inkludert fem lærlinger.

Dagleg leiar Roger Simonsen ville ikkje kommentere saka, men viste til pressemeldinga for konsernet.

EIDSFJORD SJØFARM 2021 2020 Endring
Omsetning 1172,2 867,2 35,2 %
EBIT 352,8 244,1 44,6 %
Resultat før skatt 345,8 238,5 45,0 %
Driftsmargin 30,1 % 28,1 %
Alle tal i millionar kroner