Alsaker-anlegg har teke i bruk DNA-vaksine mot PD

Nyheter
4742

Det er fiskehelseselskapet FOMAS som skriv på sine nettsider at DNA-vaksina mot pankreassjukdom (PD) er teken i bruk i Norge.

Samfunnskontakt i Alsaker Fjordbruk, Kristian Råsberg, stadfestar overfor iLaks at det er Alsaker-eigde Fjon Bruk som har teke i bruk vaksina på anlegget i Sveio.

Den Elanco-utvikla vaksina «Clynav» er utvikla mot PD og inneheld DNA-plasmid som kodar for viktige strukturelle protein i SAV3.

Ny teknologi
– Eg er heilt sikker på at dette kjem til å bli den dominerande vaksina i Norge, seier Solveig Nygaard i FOMAS til iLaks.

Solveig Nygaard i Fomas. FOTO: Fomas.

Fisk vaksinert med denne vaksina vert ikkje klassifisert som genmodifisert. Vaksina vert testa på fisk som skal ut i sjøen allerede våren 2018.

– Det er ein heilt ny teknologi, ein Europa-nyheit, og det er første gang den vert nytta på fisk. Det er eit plasmid som vert injisert i fisken som gjer at den lagar antigen mot PD-viruset sjølv. Den type vaksine har berga heile industrien i Canda mot IHN (infeksiøs hematopoetisk nekrose, journ. anm.), seier ho.

Ikkje redd for bieffektar
Elanco fekk i sommar norsk marknadsføringsløyve – til trass for at Legemiddelverket gjekk ut og åtvara mot ålment bruk av vaksina, som følgje av manglande testing av tryggleik og effekt.

– Eg er veldig spent, og lite redd for bieffektar. Når me ser på effekten i Canada så er eg veldig optimistisk. Eg er kjempespent og det er bra at nokon tør, seier ho.

Driftsleiar på Fjon Bruk, Helge Daae, har ikkje vore tilgjengeleg overfor iLaks måndag.