Aksjegevinst drog opp årsresultatet til 31,9 millionar kroner for E. Karstensen Fiskeoppdrett

Nyheter
0

Auka volum, men dårlegare pris.

Familieselskapet i Kinn kommune i Sogn og Fjordane driv samdrift med Marø Havbruk på fire konsesjonar. Selskapet hadde eit auke i sal og resultat frå 2020 til 2021. Driftsresultatet enda på 21,7 millionar kroner, ein oppgang på 20,1 prosent.

Det vart slakta 2.783 tonn fisk i 2021. Dette er ein auke på 26 prosent sett opp mot 2020. Det har derimot vert ein lågare driftsmargin for selskapet på grunn av lågare salsprisar på laks i same periode.

– 2021 var eit godt år sjølv om me hadde nokon biologiske utfordringar, og lågare prisar, fortel styreleiar, Nils Karstensen, til iLaks.

Aksjegevinst
Selskapet har også gjort det godt på aksjemarknaden. Bedrifta fekk eit positivt netto finansresultat på 10,2 millionar kroner, som i hovudsak kan forklarast av verdiauke på aksje- og obligasjonsporteføljen. Dette gjer at selskapet endar på eit årsresultat før skatt på 31,9 millionar kroner.

Saman med Marø Havbruk oppgraderte selskapet lokalitetane deira 2021 til å kunne ta imot landstraum. Investeringa på vel tre millioner kroner fekk eit tilskot frå Enova på 1,2 millioner kroner.

– 2022 har vert veldig bra så langt, då me har fått slakta fisken til veldig gode prisar, fortset Karstensen.

Skatteendring
Karstensen ser negativt på den komande skatteendringa, som vil gi eit betydeleg auka skattegrunnlag for eigarane.

– Me er redd det kan bli vanskeleg i framtida visst ein får eit dårleg år med den nye skatteendringa. Me er i eit generasjonsskifte og det er ikkje sikkert at det er verdt det for neste generasjon å fortsetta familiebedrifta, fortel Karstensen.

Les meir her: Den nyskjerpede formueskatten gir ikke rom for feiltrinn

Styret har sett av 25 millionar kroner til utbytte etter 2021. Karstensen fortel at dette i hovudsak skal gå til investeringar i selskapa til familien. Selskapet har ein eigenkapitaldel på 46 prosent av ein totalbalanse på 110,4 millionar kroner.

E. Karstensen Fiskeanlegg er eigd 100 prosent av dei to brørne Nils og Geir Karstensen. Selskapet har seks ansatte.

E. KARSTENSEN FISKEOPPDRETT 2021 2020 Endring
Omsetning 126,7 94,2 34,5 %
EBIT 21,7 18,1 20,1 %
Resultat før skatt 31,9 25,5 25,1 %
Driftsmargin 17,1 % 19,2 %
Alle tal i millionar kroner