– Å ta livet av all ILA-positiv fisk er å gå for langt

Nyheter
965

Norsk ILA-forskning er delt. Slik har det alltid vore.

– Det vert veldig dyrt, og ein drep veldig mykje fisk, om ein går inn for at all HPR0-positiv (lågvirulent variant av ILA, journ. anm.) fisk skal slåast ut, seier Øystein Evensen, professor ved Norges miljø- og biovitenskapelige universitet, til iLaks.

Are Nylund: – Worst case 10-15 utbrot i året
I vinter gjekk Are Nylund, professor ved Universitetet i Bergen, hardt ut mot den norske ILA-forvaltning, og ba Mattilsynet kome på bana for å lage reglar for spreiing av lågvirulent variant av ILA.

Are Nylund ved UIB. FOTO: Ole Alexander Saue.

– «Worst case» er at det held fram som i dag og at ein får 10-15 utbrot i året, presiserte Nylund. Han gjekk òg til orde for å etablere ein stamfisk fri for ILA-virus.

– Vertikal smitte skjer langt sjeldnare
Evensen har ei anna oppfatning av situasjonen, og meiner det vil verta for kostbart.

– Are Nylund har alltid sagt dette er vertikal overføring og at det ein bør screene all stamfisk og kvitte oss med all virus i all stamfisk.

– Den vertikale overføringa skjer nok langt sjeldnare. Det vert ein ekstremt høg kostnad, for ein relativt liten gevinst, seier han.

– Ingen fasitsvar
Evensen held føredrag om risikofaktorar for ILA på Pathos Forum-konferansen i Ålesund fredag. Bodskapen hans er at ein får infeksjon i ferskvatnfasa i setjefiskanlegg, og tek det med ut i sjøen.

– Etter mi meining er det ingen fasitsvar på dette. Det er for kategorisk å kvitte seg med all positiv fisk. Det er å gå for langt – men å berre setje HPR0-positiv fisk i sjøen er òg ei utfordring, legg han til.

Ueinige
Kvifor er ILA-forskninga så splitta?

– Godt spørsmål. Det går på ulik vektleggjing av ulike risikofaktorar. Det er nok den viktigaste årsaka, seier Evensen.

Er det sunt, eller eit problem?

– Eg trur det er sunt med ulike oppfatningar og meiningsbrytning. Gjennom det får ein utfordra tradisjonell tankegang, og ein er òg nøydd til å tenkje nytt. Den delen er viktig.

– Det nyaste er at det er godt dokumentert at virulente variantar av ILA-virus kjem frå HPR0 avirulente variantar. Det er har vore eit ope spørsmål over veldig lang tid. Me har utført studier tidlegare som ikkje har stadfesta det, legg Evensen til.