– Å sikre vidare berekraftig vekst i havnæringane er høgt prioritert i dette budsjettet

Nyheter
577

Regjeringa har som mål at Noreg skal vere ein leiande havnasjon, og i budsjettet for 2019 så satsar regjeringa stort på havet og havnæringane sjømat, maritimt og olje- og gass.

– Havnæringane skapar verdiar for nesten 500 milliardar kroner kvart år, og er kjempeviktige for norsk økonomi. Dette utgjer ein fjerdedel av den totale norske verdiskapinga. Skal vi sikre eit berekraftig velferdssamfunn, treng vi næringar som skapar verdiar og nye jobbar. Derfor er hav eit viktig satsingsområde i dette budsjettet, seier havminister Torbjørn Røe Isaksen (H).

– Eit av FNs bærekraftsmål er å bevare og bruke hav og marine ressursar på ein måte som fremmer bærekraftig utvikling. Med regjeringas havsatsing vil vi bidra til å realisere verdiskapingspotensialet i havet gjennom berekraftig vekst. Dette budsjettet er eit viktig skritt mot å nå FN sine mål, seier fiskeriminister Harald Tom Nesvik (Frp).

For 2019 foreslår regjeringa:

  • Ei satsing på 30 millionar kroner til forsking på samspel i økosystemet og havets helse.
  • Ei forsterka satsing på havteknologi og maritim innovasjon med 17 millionar kroner i Noregs forskingsråd. Støtte til forsking og innovasjon i havnæringane gjennom Forskingsrådet, Innovasjon Noreg og Skattefunn-ordninga er auka med 80 prosent sidan 2013.
  • Ei satsing på 37,5 millionar kroner til et forskingstokt til Antarktis vinteren 2018-2019, der formålet er å styrke kunnskapsgrunnlaget for forvaltninga av krill, og krillen sin betyding for økosystema i Antarktis.

Dette er budsjettsatsingar i Nærings- og fiskeridepartementet.

– Vi veit at dei nye, lønsame jobbane kjem frå havet. Og dei kjem over heile landet. Å sikre vidare berekraftig vekst i havnæringane, som er så sentrale for norsk økonomi, er høgt prioritert i dette budsjettet, seier næringsminister Røe Isaksen.

Satsinga på hav har fleire dimensjonar
Havet står høgt på dagsordenen for Noreg, både nasjonalt og internasjonalt, og denne regjeringa har lagt fram Noregs første stortingsmelding om hav i utanriks- og utviklingspolitikken og Noregs første havstrategi.

– Dette handlar om vidare vekst og lønsame arbeidsplassar, at hava våre skal vere reine og rike, at forsking og bygging av kunnskap må ligg i botn for politikken, at forvaltninga skal vere berekraftig og at Noreg må stille med ein tydelig stemme i spørsmål om berekraftig havøkonomi på den internasjonale arena, seier næringsminister Røe Isaksen.

Ei rekke andre departement prioriterer også hav. I 2019 vil blant anna regjeringa legge særleg vekt på tiltak mot plast og forsøpling av hava, hente inn kunnskap om havet i nord, og opning av område for fornybar energiproduksjon til havs. Dette er saker som ligg i Olje- og energidepartementet, Utanriksdepartementet og Klima- og miljødepartementet.