– Vossolaksen kan ikkje haldast kunstig i live

Nyheter
4107

No må Vossolaksen klara seg sjølv, utan store utslepp smolt i Hordalands største vassdrag.

Det skriv Avisa Hordaland.

– Vossolaksen kan ikkje haldast kunstig i live i framtida. No må han takla røynd, sa Atle Kambestad i Miljødirektoratet på orienteringsmøtet om vossolaksen i Voss kulturhus onsdagskvelden før jul.

Sidan 2000 har ein slept ut store mengder laksesmolt frå klekkeriet i Strandavegen i bergingsarbeidet «Redningsaksjonen for Vossolaksen».

Det vert det no slutt på.

– Det kjem ikkje til å verta slept ut store mengder smolt i åra framover, berre for å halda vassdraget med laks på kunstig vis. No vil me ha den fisken som greier turen ut i havet, og som kjem att for å gyta for eiga maskin. Det er godt mogleg desse fiskane vert færre dei komande åra, men dette er dei rette fiskane, som må få bringa vidare dei rette gena. Difor må me ha is i magen dei nærmaste åra. No må vossolaksen greia seg sjølv, sa Kambestad.