Verken eksportøren eller importøren trur på Russland-opning i 2018

Nyheter
1856

– Eg lyg om eg seier eg ikkje trur at marknadsadgangen til Russland vert opna i 2018, sa Roy Angelvik måndag. Direktør for det russiske importselskapet Severnaya, Børge Prytz Larsen, trur det motsette.

Det var under Sjømatrådets årstalspresentasjon for 2018 på Radisson Blu Plaza i Oslo at administrerande direktør i Norges sjømatråd, Renate Larsen, løfta fram kor viktig det er å få adgang til nye marknader dersom ein ynskjer eit nytt rekordår i 2018.

I 2013 var Russland den mest verdifulle marknaden for norsk sjømat, og i ein normalsituasjon konsumerer den russiske marknaden om lag 150.000 tonn atlantisk laks. Det tilsvarar det dobbelte av den kinesiske marknaden.

Hausten 2014 innførte Norge strenge restriksjonar mot den russiske oljesektoren. Russland svarte med å stogge import av matvarer frå EU, USA – og Norge.

– Ingenting nytt…
Statssekretær Roy Angelvik, som erstatta ein fråverande fiskeriminister, sa frå talarstolen måndag at han var optimistisk med å få opna adgangen til Russland.

Kva gjer deg optimistisk? spør iLaks Angelvik på telefonen dagen etter.

– Det er ingenting nytt her. Poenget mitt er at når eg får spørsmål om det, så seier eg at eg lyg om eg ikkje seier ja. Det er det me jobbar for og me har ein god dialog med Russland. Det går i riktig retning. Det er vanskeleg, men det hadde vore rart om eg hadde svart noko anna, seier Angelvik.

Statssekretær Roy Angelvik (Frp). Foto: Ole Alexander Saue.

– Sjølvsagt er eg optimistisk
Men er denne knuten løyseleg mellom Norge og Russland, eller strekk det seg større enn det?

– Eg skal ikkje ha sterke oppfatningar om det. Me sit og har dialog med Russland. Poenget mitt er at me har trua på at me får det til. Du må forstå mi rolle, Ole Alexander. Eg er politiker, eg ynskjer at Russland opnar, og har trua på det. Sjølvsagt så ser me at det er utfordringar, men me har tru på at det er løyseleg. Det hadde vore rart om me hadde hatt ei anna oppfatning.

Så uansett kor bekmørk situasjonen er, seier du at du er optimistisk?

– Eg er optimistisk så lenge det finst ein moglegheit. Sjølvsagt er eg det.

Same bodskap vart presentert av minister Per Sandberg på tilsvarande arrangement i fjor.

– Russland er ei utfordring, men ei opning kan koma raskare enn me trur. Da må me vera beredt på, sa Sandberg i januar 2017.

Fiskeriminister Per Sandberg var optmistisk for 12 månadar sidan òg. Han kunne ikkje delta på denne vekas framleggjing av sjømatåret 2016, som følgje av regjeringsforhandlingar. Statssekretær Roy Angelvik tok jobben. FOTO: Elisabeth Nodland.

– Dei jobbar godt
Børge Prytz Larsen, som sit tett på informasjonen i Russland som direktør i importselskapet Severnaya, skryt av regjeringa sitt arbeid, men ser ingen grunn til fornya optimisme om opning i 2018.

– Fiskeridepartementet jobbar veldig godt med saka, og dei har iallfall gjort ting betre det siste året enn det har vore. Sånn sett kan ein vera optimistisk. Men dette handlar ikkje om Norge-Russland, men Russland-USA og sanksjonane. Ambassaden i Russland, Norge, og spesielt Fiskeridepartementet, gjer ein svært god jobb for å betra forholdet til Russland. Men ein må heve blikket litt – det handlar om sanksjonar mellom USA, EU og Russland.

– Kvifor skal ein tru på det?
Trur du på opning i 2018?

– Nei, det er ingenting som tydar på det, så kvifor skal ein tru det? svarar Prytz Larsen.

Likevel påpeiker han at det kan koma når ein minst ventar det.

– Når sanksjonane kom, så kom det over natta, og det var ikkje varsla. Eg trur ganske sikkert at sanksjonane òg vert oppheva over natta og at folk ikkje trur det før det skjer. Men det er ingenting som tilseier at det skal skje, seier han.

– Denne debatten kjem veldig ofte opp når det er meir fisk som skal ut frå Norge. Ein kan lure på kvifor debatten vert løfta fram. Når det kjem meir fisk, så treng ein fleire marknader. Det er lov å vera optimistisk, men òg lov å vera realist. Eg sit med mest informasjon på denne sida – og det er ikkje Norge som sit på nøkkelen, seier han.

Kreml i Moskva. Illustrasjonsbilete.

Går mot ny Putin-periode
Kviterussar Alexandre Leonchanka, som er dagleg leiar i det norske eksportselskapet Ice Seafood, har heller ikkje tru på framgang i 2018.

– Nei, eg trur ikkje på det. Det er valg i Russland 18. mars, og då kjem Putin til makta til neste periode. Det vil Vesten like dårleg. Dei vil halda fram med sanksjonane og Norge vil knyte seg til det EU og USA seier, så det vil halda fram. Så lenge dei ikkje blir einig om Krim, og dei blir ikkje med det første, seier han.

– Eg trur ikkje på ei opning. Diverre, ein skulle gjerne hatt det, men det blir vanskeleg, seier han.

Leonchanka presiserer òg at dette ikkje er eit problem som vert løyst i Fiskeridepartementet.

– Det vert ikkje bestemt i Norge; det vert bestemt i USA og EU. Norge er eit lite land, dei er alliert med EU og USA, og dei går saman.