– Vekst bør kun skje på lokaliteten som infridde krava til unntak

Nyheter
898

Veterinærinstituttet med høyringsuttale til forslaget om kapasitetsauke for akvakulturløyver.

I den nye vekstordninga får aktørane som oppfyller kriteriene for unntak tilbod om kapasitetsauke på seks prosent, uavhengig om dei høyrer til i gule, raude, eller grøne, produksjonsområde.

I eit høyringsutspel skriv Veterinærinstituttet, signert avdelingsdirektør Arne Flåøyen og leiar for lakselusforskning Kari Olli Helgesen, at at dei meiner veksten kun bør bli gitt til lokaliteten som innfrir kravet.

«For å unngå å øke miljøbelastningen»
«Slik forslaget står i dag kan én lokalitet brukes til å vurdere vekst, mens den økte biomassen kan produseres på én eller flere andre lokaliteter. Det er ofte lokale forhold som gjør det mulig å holde særlig lave lusetall på en enkeltlokalitet», står det i brevet.

«Veterinærinstituttet mener derfor at den økte produksjonen også bør skje på denne lokaliteten, for å unngå å øke miljøbelastningen med lus på steder der det ikke har blitt vurdert som ønskelig. Den totale produksjonen på en lokalitet må forholde seg til lokalitetens MTB», står det videre.

– Det blir mot intensjonen
Olli Helgesen utdjupar overfor iLaks:

– Det me er oppteken av er at spesielt gunstige lokaliteter, som vert nytta til å vurdere om eit løyve kjem inn under unntaksregelen, at den lokaliteten der den auka produksjonen bør skje. Ein aktør kan ha mange lokalitetar i eit raudt område, der éin er spesielt gunstig. Det blir mot intensjonen dersom den gunstige lokaliteten blir brukt til å auke produksjonen på ein annan lokalitet.

Nærings- og Fiskeridepartementet har lova iLaks å koma med eit tilsvar og vil få sagt sitt i ei sak som vert publisert på eit seinare tidspunkt.

– Vanskeleg å sjå fram i tid
Veterinærinstituttet skriv òg at dei ynskjer styresmaktene identifiserer alle variablane som kan påverke utviklinga og talfeste betydninga av kvar enkelt variabel når dei vurderer vekst.

«Veterinærinstituttet mener at det er faglig vanskelig å gjøre gode vurderinger av sannsynlig utvikling av miljøtilstand framover i tid. Dersom slike vurderinger skal basere seg på biologiske eller fysiske variabler som temperatur og salinitet, er det vikitig å identifisere alle variablene som kan påvirke utviklingen og tallfeste betydningen av hver enkelt variabel»‚ står det i brevet.

– Me har sett på dei generelle vurderingskriteriene. Me meiner at dersom ein skal gjere vurderingar av dei områda som får ulike svar dei to åra (i ein evalueringsperiode, journ. anm.), basert på biologiske og fysiske faktorar, bør arbeidet gjerast på ein slik måte at ein tek hensyn til alle moglege faktorar og innbyrdes forhold mellom dei, seier Olli Helgesen, og legg til:

– Det er vanskeleg å sjå framover i tid.