Uroa for dei ikkje-medikamentelle avlusingsmetodane

Nyheter
3708

Håvard Høgstad i Arnøy Laks spår lakseåret 2018.

Me har nettopp lagt bak oss eit rekordsterkt 2017 som endte med 94,5 millardar kroner i sjømateksport, ifølgje ferske tal frå Norges sjømatråd.

Laks var den desidert viktigaste arten og sto for 68,4 % av den totale eksportverdien.

Me går no inn i 2018 med alt det fører med seg. Kva er det likevel ingen som veit heilt sikkert.

Likevel skal ulike små og mellomstore oppdrettarar spå lakseåret 2018 på iLaks sine nettsider.

No er det Håvard Høgstad i Arnøy Laks sin tur til å svare på dei seks spørsmåla.

Kva er lakseprisen i 2018?

– 50 kroner levert Oslo.

Set Norge ny rekord for lakseeksport i 2018?

– Ja.

Vil det bli vekst i slaktevolum i Norge i 2018? Kor mykje, eventuelt?

– Ja, opp mot fem prosent. Gitt hvorvidt man får interesse for den bebudede produksjonsveksten, og gitt graden av suksess med hensyn til lakselus ref. neste spørsmål.

Held den posistive lakselus-utviklinga fram i 2018?

– Ja.

Kva vert dei største fiskehelseutfordringane i 2018?

– Jeg er bekymret for nedsiden ved de ikke-medikamentelle metodene. Vi vil kunne se både større dødelighet i avlusing og dels økning i utbrudd av latente virussykdommer som ILA mv. som følge av økt håndtering ute av merden.

Vert Russland opna for norsk laks i løpet av 2018?

– Nei, men vi kan kanskje forvente inspeksjoner i løpet av andre halvår.