Fryktar gjelleproblematikk i 2018

Nyheter
2552

Elin Tveit Sveen i Marø Havbruk spår lakseåret 2018.

Me har nettopp lagt bak oss eit rekordsterkt 2017 som endte med 94,5 millardar kroner i sjømateksport, ifølgje ferske tal frå Norges sjømatråd.

Laks var den desidert viktigaste arten og sto for 68,4 prosent av den totale eksportverdien.

Me går no inn i 2018 med alt det fører med seg. Kva er det likevel ingen som veit heilt sikkert.

Likevel skal ulike små og mellomstore oppdrettarar spå lakseåret 2018 på iLaks sine nettsider.

No er det Elin Tveit Sveen i Marø Havbruk sin tur til å svare på dei seks spørsmåla.

Kva er lakseprisen i 2018?

– 52 kroner.

Set Norge ny rekord for lakseeksport i 2018?

– Ja.

Vil det bli vekst i slaktevolum i Norge i 2018? Kor mykje, eventuelt?

– Ja, ein auke på cirka to prosent.

Held den posistive lakselus-utviklinga fram i 2018?

– Ja.

Kva vert dei største fiskehelseutfordringane i 2018?

– Eg er redd for at gjelleproblematikk spesielt på Vestlandet blir ein utfordring. PD vil nok også bli eit større problem (eller bli oppfatta som eit større problem) i 2018 spesielt i nord. Det har vel aldri blitt analysert så mykje oppdrettsfisk som det vi gjer no etter den nye PD forskrifta og dette vil avdekke fleire PD lokaliteter enn før. ILA, og spesielt på stamfisk, er bekymringfullt og vil bli ein større utfordring i 2018.

Vert Russland opna for norsk laks i løpet av 2018?

– Nei, diverre.