Trøblete AGD-sesong går mot slutten

Nyheter
964

Enkelte oppdrettarar har i haust hatt store problem med amøbegjellesjukdom (AGD). Austevoll Melaks har aldri opplevd liknande i sine merdar.

Edvard Melingen i Austevoll Melaks. FOTO: Ole ALexander Saue.

– Me har hatt mykje i år. Tidlegare år har bare vore bagatell i forhold. Dette er nytt for oss, seier Edvard Melingen i Austevoll Melaks, som driv med matfiskproduksjon i Austevoll kommune, sør for Bergen.

Avtar i oktober
Melingen fortel til iLaks at det har gått mykje ressursar og ekstraarbeid til behandling av død fisk, men at det no ser ut til å ta slutt.

– I slutten av oktober tek dødelegheita slutt. Det var som som om ein brytar vart slått på. Med vind og lågare temparatur stoppar det, seier han.

– Flinke til å følgja med
Solveig Nygaard i Fomas, som har ansvar for anlegg i Sunnhordland, fortel til iLaks at sjukdommen plar koma i aukande grad i veke 38 (midten av september).

Solveig Nygaard i Fomas. FOTO: Fomas.

– Og no ha det auka veldig dei siste to vekene, seier Nygaard, som legg vekt på at oppdrettarane vert stadig flinkare til å handtere AGD.

– Folk er veldig flinke til å følgje med, og det vert behandla med ferskvatn om naudsynt, seier ho vidare.

Asgeir Østvik, som jobbar med fiskehelse i Åkerblå i Midt-Norge, fortel at det har vore ein del AGD-tilfeller òg lenger nord.

– Me har hatt ein del AGD våren og hausten 2017. No pågår det behandling i enkelte merdar. Det har variert ein del dei siste åra, seier han.

Slutt i november
Medan Melingen i Austevoll Melaks allereie har merka ein stor nedgang, ventar Østvik at ein kan rista av seg AGD-plagene i slutten av november.

– Når me er ferdig med november no så reknar me med at sesongen er ferdig for i år. Sesongen er frå august til november, seier han.