Tjente fett på brønnbåtar

Nyheter
707

Aas Mek. Verksted omsette i fjor for 629,3 millionar kroner, og sat att med eit resultat før skatt på solide 74,6 millionar, skriv Nett.no.

Vestnesverftet har eksistert sidan 1911. No er det tredje og fjerde generasjon i Aas-familien som driv verftet vidare, der Halvard, Johan og Olav Aas eig kvar sin tredjedel gjennom selskapet Maritime Holding.

Siste åra har verftet bygt ei rekkje brønnbåtar, der Sølvtrans og dotterselskapet Bømlo Brønnbåtservice har vore av dei store kundane med totalt 28 brønnbåtar frå verftet.

I årsmeldinga skriv styret at ein forventar ein tøffare marknad i 2017, der det er hardare kamp om nybyggingsoppdraga enn dei siste åra.