Storsmolt på frammarsj: – Næringa er i ein brytningsperiode

Nyheter
1069

Mange setjefiskanlegg har gått frå å levere fisk på om lag 80 gram til postsmolt på opp mot ein kilo. – Det vert ei mindre homogen næring, meiner Gustav Folkestad i Sævareid Fiskeanlegg på Fusa.

Me ser det igjen og igjen. Oppslag på oppslag. Store oppdrettarar og smoltprodusentar bygger opp enorme anlegg for å halde fisken lengst mogeleg på land før den vert eksponert for sjøvatn.

Større smolt
Dei biologiske utfordringane – i hovudvekt sjukdom og lus – skal minimerast ved å veksa fisken i opne kar på land.

– Inntil no har me produsert 200-grams fisk, og det har gått rimeleg greit. Dersom ein skal auke veldig mykje frå 200 gram, kan ein få ein del utfordringar med eit gjennomstraumingsanlegg som me har.  seier Folkestad.

– Kunden ynskjer større smolt, så utgangspunktet er å produsere 200 grams smolt. Det kan hende at dei ikkje er nøgd med den storleiken, og at me auker utover det, og då må me stille oss spørsmålet «dersom me gjer det, kva kan det føre til?», seier han vidare.

Anlegget til Sævareid Fiskeanlegg på Fusa. FOTO: Ole Alexander Saue.

Utfordringar
Det er ikkje berre-berre å levere ein fem gongar så stor fisk frå setjefiskanlegget. Iallfall ikkje utan utbygging og store investeringar.

– Me nyttar ferskvatn, og det vatnet me har, har låg leiingsevne. Det er ikkjee sikkert at smolt på 400-500g gram trivast i dette vatnet. Me har ikkje nytta sjøvatn, seier han vidare.

– Kunden ynskjer kortare produksjonstid i opne merder i sjøen, så me vurderer mogelegheitene for å produsere endå større smolt, eller postsmolt. Me veit at mange allereiie nyttar, eller planlegg å nytta, sjøvatn i smoltproduksjonen. Med vår plassering har me som prinsipp at me ikkje tilset sjøvatn. For oss vil eventuell bruk av sjøvatn bety eit vegskille. Om ein skal ha ein produksjon som fører til at fisken, fysiologisk sett, burde hatt enno meir salt, må ein finne ein måte å gjera det på. Å kjøpe salt er dyrt. Korleis skal me då handtere det, spør Folkestad seg sjølv.

– Bruk av sjøvatn kan ha sine fordeler, men òg ulemper. Til tross for teknologi for å desinfisere sjøvatnet auker ein risikoen for å eksponere fisken for nye smittestoff, i tillegg kan ein få utfordringar med styresmaktene dersom det blir påvist smitte i sjøen. Sjølv til den nye RAS-avdelinga ser eg at det er dyrt å kjøpe salt for å auke saliniteten når det er behov for det.

Gustav Folkestad i Sævareid Fiskeanlegg. FOTO: Ole Alexander Saue.

Lukka system
Vidare skisserer han ei framtid der kanskje matfiskprodusentane tek seg av smolten så fort den får behov for saltvatn etter passerte 100 gram.

– Fisken som vert set ut i sjøen er større og større. Framover ynskjer oppdrettarane anten 80-100-grams smolt som dei set ut i postsmoltanlegg, eller så ynskjer dei å få levert 500 grams smolt frå ein produsent med ei avdeling der dei nyttar sjøvatn. Det kan òg skje at matfiskanlegga tek hand om fisken frå den er 80-100 gram fordi dei har eigne system for å ta hand om det, eller at me, som setjefiskanlegg, tek hand om fisken i ein lengre periode og leverer større fisk, seier han, og legg til:

– Trenden vil likevel vera at fisken i større grad vil vera i lukka system før den vert eksponert for opne merder. Det trur eg vil vera ganske viktig. På mange måtar meiner eg næringa er i ein brytningsperiode, fordi ein går vekk frå delinga mellom ferskvatn og sjøvatn.