Stor fisk hakket dyrare

878

Medan den største fisken stig i pris, går den minste fisken litt ned som følgje av gjelleproblem på Vestlandet.

– Denne veka har vore litt opp og ned. Den har vore prega, i hovudsak, av eit stabilt minus. Prisen på storfisk, derimot, har vore påverka av auka interesse i Asia, seier eksportør til iLaks.

Fakta

iLaks henter hver fredag etter lunsj inn spotpriser for laks. Dette er fisk som skal leveres den følgende uke. Her kontakter vi flere ledd i verdikjeden, herunder oppdrettere, eksportører og importører. Vi har alltid minst fem uavhengige kilder, selv om ikke alle kildene nødvendigvis vises på trykk. Vi varierer hvilke kilder vi bruker, og bruker ikke de samme kildene hver gang.

– Når det gjeld neste veke så ser me at det er ei stor auke av uttaket i liten fisk, spesielt i Hordaland. Der slit ein med gjelleproblem, og daudelegheit. Det er varsla om store uttak av liten fisk under 3 kg. Det fører til at me ser ei pressa prisutvikling og laks mellom 1-3 kilo. Den på 3-4 er i hovudsak stabil, 4-5 er òg til ein viss grad stabil, men det er ein smule rørsle på 5-6 og noko meir på den over 6, seier han vidare.

  • 2-3 kg: 40-43,-
  • 3-4 kg: 46-49,-
  • 4-5 kg: 48-51,-
  • 5-6 kg: 50-52,-
  • 6+ kg: 52-56,-

Ein annan eksportør legg vekt på lite volum denne veka når han skal forklare lakseprisane.

– Det verka ikkje som det har vore særleg volum denne veka, seier han.

Marknaden er avventande denne fredagen, som førre veke. Når iLaks forsøkjer å innhente prisar i 12-tida får ein beskjed om å ringe tilbake i 13:30-tida. Så får ein beskjed om å ringe opp att i 14:30-tida.

– Veldig veldig usikkert. Slik det ser ut no er de stabilt, kanskje litt opp på 4+-laksen, seier ein innkjøpar til iLaks i 12-tida.