Sterke reaksjonar på den nye PD-forskrifta

Nyheter
1090

– Me forstår ikkje kvifor me har blitt pålagt å ta stikkprøvar av reinsefisk, seier Lars Jørgen Ulvan i Nordland Rensefisk til iLaks.

Ulvan får støtte av dagleg leiar i FoMas, Solveig Nygaard.

den nye forskrifta for kampen mot PD (pancreas disease) kom i slutten av august, var det ei rekkje punkt Nygaard var ueinig i. Ho meiner det er gjort svært mykje dårleg arbeid i jobben med den nye forskrifta.

I § 4 i andre ledd står det at ved flytting av fisk frå akvakulturanlegg med sjøvatn til andre akvakulturanlegg, skal det takast prøver av hjarte og nyre frå minst 60 fisk. Det inkluderer òg reinsefisk, sjølv om sjøvatnet er desinfisert, med til dømes UV.

Her er det to punkt Nygaard reagerer på:

  1. Reinsefisk er ikkje (eller svært lite) sårbar for PD.
  2. Feilkjelder i nyra gjer at ein kan få falske positive prøvar.

Må undersøkje reinsefisk
– Ein må ta prøvar kvar 10.-14. dag for ein art som ikkje er mottakeleg for PD. Risikoen er marginal, seier ho.

For Ulvan i Nordland Rensefisk har det vore svært tidkrevjande å ta prøvar av reinsefisken.

– No hugsar eg ikkje i farta kva det kostar oss, men det verste er at det tek mykje tid. I verste fall må me utsetje levering. Det smakar litt dyrt forskningsprosjekt som berre me produsentar må drifte og koste. Så vidt eg veit er det ingen som har funne PD-sjuk rognkjeks, seier Ulvan, og legg til:

Lars Jørgen Ulvan i Nordland Rensefisk.

– Men me forheld oss til det, og sender inn prøvar. No håpar me å samle ein front, og å gå i dialog med Mattilsynet for å få ei ordning på det.

Allereie i høyringsrunden kom fagleiar for fiskehelse i Åkerblå, Barbo Rimeslaatten Klakegg, med følgjande høyringsuttale:

«Når det gjelder risiko for PD i forbindelse med landbasert oppdrett av rensefisk og annen marin fisk, vurderer vi denne risikoen som svært liten. (…) Vi mener på grunnlag av dette at screening i landbaserte anlegg for rensefisk ikke gir relevant informasjon og at et slikt tiltak er lite hensiktsmessig.»

– Veit for lite
Martin Binde i Mattilsynet har vore med på å utarbeide den nye forskrifta, som vart sendt til Nærings- og fiskeridepartementet for siste finpuss. Han vedgår at det er låg risiko for PD i reinsefisken.

– Det er fordi me eigentleg ikkje veit så mykje om reinsefisken. Sannsynlegvis er det ikkje noko risiko, men for å kome vidare er det éin veg å gå: at ein undersøkjer gjennom undersøkjingar, seier Binde.

– Eg vil tru at ein etter ei viss tid set seg ned og ser kva det kostar og kor stor nytten av det er. Dersom ein ikkje finn noko, kan ein på eit seinare tidspunkt sei at risikoen er liten, eller null, og då er kostnaden kanskje ikkje naudsynt. Me er ikkje der i dag, og me veit for lite, seier han vidare.

Martin Binde i Mattilsynet. Pressefoto.

– Feilkjelder i nyra
Nygaard er òg, som nemnt, kritisk til at ein skal gå frå å nytte hjarta som prøvetakingsorgan til å bruke både hjarte og nyre.

– Me har tidlegare brukt hjarta som prøvetakingsorgan. I forskrifta står det at ein skal nytte både hjarte og nyre. «Meinar de det?» har me spurt, og fått «ja» til svar. Når me tek prøvar i nyra kan ein få falske positive svar. Det er ein del feilkjelder, og ein får mindre sensitivitet, der, seier ho.

Binde var ikkje klar over at nyra var ei potensiell feilkjelde før forskrifta vart vedteke.

– Dette er viktige innvendingar som har kome opp etter at forskrifta vart vedteke. Mattilsynet har ikkje mynde til å endre ei forskrift som er vedteke av Departementet, men eg veit at spørsmålet ligg til vurdering, seier han.

Problemstillinga var kjent for næringa – men ikkje av dei som utformer reglane?

– Eg var ikkje klar over det før forskrifta vart vedteke. I ekspertfagmiljøet trur eg dei byrja å tenke på problemstillinga idet me endra reglane. Det var nok ikkje kjent, men idet ein byrjar å tenke på det så vil det dukke opp nye spørsmål, seier han.

Departementet snur
Til slutt har likevel Nærings- og fiskeridepartementet (NFD) sagt at ein likevel kan, inntil vidare, forhalda seg til tidlegare køyrereglar.

Solveig Nygaard i Fomas. FOTO: Fomas.

– Det har uansett laga veldig mykje rot for oss, seier Nygaard.

Yngve Torgersen i NFD stadfestar overfor iLaks at dei har teke reglane for prøvetakingsorgan opp til ny vurdering.

– Men eg har ikkje noko tidspunkt på kortid resultatet kjem, eller kva det blir, seier han.

Bekjempelsesplan
Friede Andersen er seksjonssjef for fiskehelse og -velferd i Mattilsynet, og har det overordna ansvaret i Mattilsynet.

– På nokre område har me sagt at ein kan vidareføre gamal praksis inntil me har sett på det på nytt. Nokre av dei endelege endringane departementet gjorde (etter at Mattilsynet sendte sin versjon) krev litt vidare utgreiing, seier ho.

Har det vore stor uvisse rundt forskrifta før dei vart vedteke?

– Når me lagar ei forskrift vil det alltid vera behov for utdjuping av nokre punkt. I dette tilfellet var det ein forutsetnad at Mattilsynet skulle jobbe vidare med ein bekjempelsesplan, for å utdjupe ein del av dei utfordringane som kjem, seier ho til iLaks.