Statsbudsjettet oppsummert for havbruksnæringa

Nyheter
941

Torsdag vart statsbudsjettet 2018 lagt fram.

I denne saka oppsummerer iLaks dei viktigaste endringane.

Vil betra forskningsmiljøa
Regjeringa vil styrkje Norge sin profil som leiande havnasjon, og ynskjer meir kunnskap om nye marine artar.

– I åra som kjem skal Norge utvikle ny havbasert industri. I budsjettet foreslår me difor å løyve pengar til å auke den blå kunnskapen. Det skjer både ved å auke løyvinga til forsking, og ved å styrkje forskingsmiljøa. Me har lagt fram ein havstrategi som skal bidra til å realisere næringspotensialet som ligg i havet, no følgjer me opp, seier fiskeriminister Per Sandberg (FrP).

Dei foreslår òg å auke løyvinga til Innovasjon Norge med ti millionar kroner.

Forskningssenter i Tromsø
Regjeringa auker innsatsen innanfor havbruksforsking og nye marine artar med 14 millionar kroner. Dei foreslår òg å løyve 11 millionar kroner til eit forskingstokt i Antarktis, setje av fem millionar til eit senter for hav og arktiske spørsmål i Tromsø.

– Senteret skal involvere alle nasjonale fagmiljø som er opptekne av hav og arktiske spørsmål, og det vil få ei viktig rolle i å hjelpe oss med å ta vegval og leggje strategiar for å vidareutvikle den blå økonomien, seier Sandberg.

Vil samlokalisere Fiskeridirektoratet med HI og NIFES
I tillegg løyver dei ti millionar kroner til vidare utreding av samlokalisering av Havforskningsinstituttet, Fiskeridirektoratet, og NIFES – Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforskning og Fiskeridirektoratet, i eit nybygg i Bergen.

– Me treng meir forsking og raskare utvikling av regelverk for å realisere næringspotensialet i havet og langs kysten. Ei samlokalisering mellom forskingsinstitutta og Fiskeridirektoratet kan gi betre og raskare kopling mellom nye forskingsresultat og utvikling av regelverk, seier Sandberg.

Vil sørgje for norsk skipsbygging
Regjeringa foreslår ei ny låne- og garantiordning for kjøp av skip frå norske verft, når desse skipa skal nyttast i Norge. Det inneber ei garantiramme på ti milliardar kroner.

Ordninga vil omfatte finanseiering av både fiskebåtar, brønnbåtar og transportfartøy som hurtigbåtar og ferjer.

– På denne måten bidrar me til å skape auka aktivitet i verfta og til at kompetansen blir i Norge, seier næringsminister Monica Mæland (H).

Ordninga skal forvaltast av GIEK og Eksportkreditt Norge og vil vere ei mellombels treårig ordning.

Ingen eksportavgift
Regjeringa legg spesielt vekt på dei økonomiske utfordringane ei eksportavgift vil medføre seg når dei vedtek å ikkje innføre ei eksportavgift. Dei viser òg til gjeldane EFTA-avtalar.

Dette skriv regjeringa i konklusjonen:

– Ei eksportavgift på ubearbeida oppdrettsfisk inneber en rekkje prinsipielle, økonomiske, rettslege og administrative utfordringar. Ei slik bruttoavgift vil bryte klart med prinsippa for eit vekstfremjande skattesystem. I tillegg vil ei ny eksportavgift på ubearbeida laks, aure, og regnbogeaure vera i strid med Norges forpliktingar under EFTA-konvensjonen. Ei eksportavgift vil òg vera i strid med dei fleste EFTA-frihandelsavtalene. Regjeringa vil difor ikkje føreslå ei særskilt eksportavgift for oppdrettsnæringa, heiter det i statsbudsjettet.