Spår laksepris på 62 kroner i desember

Nyheter
2643

Bjørg Mette Holmefjord Antonsen i Bolaks spår lakseåret 2018.

Me har nettopp lagt bak oss eit rekordsterkt 2017 som endte med 94,5 millardar kroner i sjømateksport, ifølgje ferske tal frå Norges sjømatråd.

Laks var den desidert viktigaste arten og sto for 68,4 % av den totale eksportverdien.

Me går no inn i 2018 med alt det fører med seg. Kva er det likevel ingen som veit heilt sikkert.

Likevel skal ulike små og mellomstore oppdrettarar spå lakseåret 2018 på iLaks sine nettsider.

No er det Bjørg Mette Holmefjord Antonsen i Bolaks sin tur til å svare på dei seks spørsmåla.

Kva er lakseprisen i 2018?

– 62 kroner.

Set Norge ny rekord for lakseeksport i 2018?

– Kanskje litt mer enn i 2017.

Vil det bli vekst i slaktevolum i Norge i 2018? Kor mykje, eventuelt?

– Som forrige spørsmål; litt økning, men vil gå ned igjen i 2019.

Held den posistive lakselus-utviklinga fram i 2018?

– Ja.

Kva vert dei største fiskehelseutfordringane i 2018?

– AGD og andre gjelleproblem.

Vert Russland opna for norsk laks i løpet av 2018?

– Nei.