Slik fekk Bolaks kontroll på lusa

Nyheter
1034

I både 2014 og 2015 sleit Bolaks med både sjukdom og lus, som førte til negative driftsresultat. No ser situasjonen annleis ut for det familieeigde selskapet på Fusa.

I 2014 endte driftsresultatet med 6,7 millionar i minus. Året etter, i 2015, endte det med 2,2 millionar i minus. Fjoråret, derimot, endte med 217 millionar i pluss, og 31 prosent driftsmargin. Det skuldast i stor grad høge prisar.

Fantastiske prisar
– I 2016 sette me nye rekordar i selskapets historie, både omsetjing- og resultatmessig, seier dagleg leiar, Bjørg Mette Holmefjord Antonsen, til iLaks.

– Biologisk kan det henda me he har gjort det like godt tidlegare, men prisane var fantastiske, legg ho til.

I fjor produserte dei 11.000 tonn, fordelt på ti matfisk- og to stamfiskkonsesjonar. I år ser dei for seg det same, men på sikt ynskjer dei å kome opp på 15.000 tonn.

Dagleg leiar i Bolaks, Bjørg Mette Holmefjord, saman med dottera, og «business controller», Karina Antonsen Hjelle. FOTO: Ole Alexander Saue.

Likevel har det ikkje alltid gått på skjener for Bolaks.

Utbrot av amøbegjellesjukdom (AGD) i 2014, store luseproblem og funn av ILA-virus i rutinesjekk den påfølgjande våren, i 2015, sørgja for turbulente år for Bolaks. I tillegg fekk dei gjennomgå av forfattar Kjersti Sandvik si bok, «Under overflaten», i fjor. Der vart det mellom anna hevda at fiskeridirektør Liv Holmefjord, som har eigarinteresser i Bolaks, tente millionar på å trenere slakting av oppdrettslaks råka av lus, og at dei sommaren 2013 hadde eit gjennomsnitt på 2,74 og 6,25 lus pr. fisk i høvesvis juli og august. Fikseridirektøren avviste alle rollekonfliktar overfor Bergens Tidende.

Hadde ingen verktøy
Bolaks har, sidan selskapet vart skipa av faren, og to av onklane, til Bjørg Mette, i 1975, vore gjennom opp- og nedturar. Sjølv har den noverande daglege leiaren vore tilsett sidan byrjinga, og på fast basis sidan 1980. I 2001 gjekk ho inn i leiarstillinga.

– Me var ein tidleg aktør inn i næringa, så det ligg i organisasjonskulturen å finna løysingar, vera pådrivar, og å leite etter nye mogelegheiter, seier dottera og «business controller», Karina Antonsen Hjelle.

– Fokuset har alltid vore å koma i forkant når det gjeld bekjempelse av lus. I 2014 var det berre negativt om Bolaks fordi me ikkje hadde kontroll på lusa, men me hadde ingen verktøy som fungerte mot lusa. Då måtte me slakte me ned to lokalitetar, seier Holmefjord Antonsen.

Karina Antonsen Hjelle i Bolaks. FOTO: Ole Alexander Saue.

Lusekampen
Deretter lagde dei ein handlingsplan. Lusa måtte bekjempast.

– Då brukte me ikkje lang tid på å koma der, legg Antonsen Hjelle til.

Sommaren 2015 kjøpte dei den tredje Thermolicer-en som vart produsert. Den har ikkje vore i bruk av Bolaks på fleire månadar. No er det straumgjerde, luseskjørt, laser, semilukka anlegg og eigen rognkjeksproduksjon via selskapet Lønningdal Rensefisk, som held lusenivået nede i Bjørnefjorden.

– No har me komen i forkant, seier dei to samstemte.

I veke 40 hadde dei eit lusenivå på under 0,1, ifølgje rapporten frå driftsmøtet denne veka, som iLaks fekk innsyn i.

Dagleg leiar i Bolaks, Bjørg Mette Holmefjord Antonsen. FOTO: Ole Alexander Saue.

Vil 2017 bli like godt resultatmessig?

– Det gjenstår å sjå. Me er no komen til oktober, og lakseprisane falt litt denne veka her, og var vel under 50. Snittprisen i fjor enda på over 60, så det har jo mykje å seia, seier dagleg leiar.

Vil spreie seg
I dei seinaste åra har dei tatt fleire grep for å verne seg mot sjukdom. Mellom anna har dei søkt om stamfiskkonsesjonar, saman med andre oppdrettarar, i Smøla på Møre-kysten.

– Me ynskjer å spreie lokalitetane, av biologiske årsakar, seier Holmefjord Antonsen.

– Det er viktig for oss at me, i lag med kommunen, sikrar oss ein god arealbruk for Bjørnefjorden. Det er alltid enklast å gå i takt med eigne bein, i staden for å gå i takt med andre, legg ho til.

No investerer dei òg i postsmolt i lukka anlegg ved Djupedalen.

– Me har utrusta anlegget som ligg der med éin tett merd. Fungerer det som me håpar, kjem nummer to og tre forhåpentlegvis i løpet av våren og sommaren. Det å redusera tida i sjø er viktig. Med så mykje sjøareal, er eg overtydd om at det er meir kostnadseffektive løysingar som ivaretek helse og miljø enn landbaserte anlegg, seier Antonsen Hjelle.