Slaktepress

LESERINNLEGG: Det er påfallande at medan regelverket blir stadig meir inngåande for kvar ein har lov til å setje ut og produsere laks, er styresmaktene heilt uinteresserte i slakteristrukturen, skriv Øyvind Kråkås, daglig leiar i Havbrukspartner.

Den siste tida har ein sett fleire saker der sjukdom medfører pålegg om rask utslakting. Dette byr ofte på problem for oppdrettaren, fordi slaktekapasiteten i området er fullt utnytta. I periodar med god biomassevekst og gode prisar, er det kø for å levere fisk til marknaden. Om ein då får pålegg om sanitetsslakting, kan einaste alternativet bli oppmaling av fisken.

Oppmaling av fisk av fullgod kvalitet, er problematisk. Det er problematisk av økonomiske grunnar, sjølvsagt, men og av etiske grunnar. Fisk skal ikkje avlast fram fånyttes, men gå til høgverdige formål. Og menneske treng mat. I ei tid då matsvinn er høgt på dagsorden, må ein kunne konkludere med at tap i produksjonsleddet er overskygga av tiltak i butikk og hos forbrukar.

Når matfisk vert vist til oppmaling og bruk i dyrefôr eller andre produkt, gjere det seg til langt større kvantum enn når familien må kaste ein halv boks makrell i tomat i bioavfallet. Det er hundrevis av tonn, nokre gangar tusenvis av tonn (millionar av kilo!) mat som går i kverna.

Dagens slakteristruktur har blitt til ut frå heilt andre omsyn enn slakteberedskap ved akutte behov. Der finst i det heile teke ingen heimel for naudverje om du blir sett i ein situasjon der du må ta mykje fisk ut kjapt. Om du ikkje har hand om eit eige slakteri, må du stole på flaks og hjelpsame kollegaer.

I arbeidet med produksjonsområde burde styresmaktene absolutt ha teke med omsynet til slaktekapasitet i områda. Fisk bør primært slaktast nærast mogleg der han blir produsert, uansett helsestatus. Og skal det vere mogleg å ha ein god nok beredskap for sanitetsslakting, må der vere kapasitet til ei kvar tid innanfor rimelege avstandar.

Både departement og Mattilsynet bør engasjere seg i denne problemstillinga. Prosessering av mat er ei altfor viktig sak til å overlate det til rekneark og kostnadskuttarar åleine. Fiskevelferd og etisk handtering av fisken som matvare må takast med i reguleringa av norsk laksenæring.