Ser samanheng mellom notvask og gjellesjukdom

Nyheter
1380

– Me ser at møtet med hydroidane, som vert spylt av nøtene, kan gi redusert gjellehelse i opp til ei veke. Me trur at dette kan ha påverknad på fiskehelsa.

Det seier Nina Blöcher. Ho forskar på risiko knyt til begroingshandtering i norsk lakseoppdrett, med hensyn til fiskehelse og biotryggleik.

PostDoc-prosjektet, STING, finansiert av Norges forskingsråd, vert publisert på nyåret.

Gjelleblødning
Hydroiden det er snakk om, er nesledyret Ectopleura larynx, som går under namnet fjæreblomst. Den veks på tau og baugar ute i sjøen, som grønske. Det er når denne vert spylt av merdane at den hamnar i sjøen blant laksen.

Hydroidar. FOTO: Sintef

– Me har høyrd oppdrettarar som ser at laksen hoppar under vasking, eller får gjelleblødning i samband med vasking. Det er mistanke om at dette er som følgje av kontakt med hydroidar, seier Blöcher i Sintef, og legg til:

– Skadene på gjellene me ser i lab viser at hydroidar er i stand til å skade fiskane, men me veit ikkje om dette skjer i same grad i felt.

Hyppig
Ho er enno usikker på kor alvorleg gjelleskadene er, og i kva grad ein kan knyte det til AGD (amøbegjellesjukdom).

– Me ser ein hyppig skade på gjellene ved fisk i merd. Ein ser mykje laks utan perfekt gjellehelse, og eksponering for vaskeavfall kan bidra til det. Algeoppblomstring kan vere andre årsaker, men me trur at det som finst i vaskeavfall kan vere ein grunn til at fisken ikkje har perfekt gjellehelse, seier ho.

– Som maneter
Ho dreg parallellar mellom fjæreblomsten og maneter når ho skal beskrive skadene den påfører laksen.

– Me ser at maneter som sym inn i ein merd gir liknande symptom på fisken. Då får laksen liknande problem med gjellene som med hydroidar.

– Hydroidane trur me er hovudproblemet med vaskeavfallet, seier ho.

Torolf Storsul, veterinær i Midt-Norsk Havbruk. FOTO: MNH

Kjent med problematikken
Veterinær i Midt-Norsk Havbruk, Torolf Storsul, fortel til iLaks at han er kjent med problematikken, men at dei ikkje har gjort klare observasjonar – eller undersøkjingar.

– Eg har høyrd om det, ja – men, om ein skal ha sikre tal og noko å vise til skulle ein hatt individkontrollar før og etter notspyling. Det har me ikke gjort, seier han.

– Ut frå kunnskapen me har no så er det ikkje ynskjeleg å ha ei notspyling dagen før ein skal handtere laksen, seier han vidare.