Reagerer på nye reglar for servicebåtar

Nyheter
1321

Meiner deler av dei nye forskriftene er unaudsynte.

Dave Ole Eidet i Marinue Aqua Service er uroa over alle alle krav, reglar og nye forskrifter som blir «tredd over hovudet» på service-båtane i oppdrettsbransjen.

Det var i januar 2015 at at «Forskrift om bygging og tilsyn av mindre lasteskip» vart kunngjort. Nokre av dei nye krava, og reglane, er allereie tredd i kraft, medan reiarlaga har fram til 1. januar 2018 til å utstyre alle servicebåtane sine med haikjeftar.

Ikkje behov for haikjeft
– På siste båten me bygde kom kostandane for haikjeften på over 2,5 millionar kroner, seier Eidet. Han har no tre månadar på å skaffe haikjeft på båtane for å drive ankerhandtering.

– Sjøfartsdirektoratet kjem mellom anna med krav om å at me skal ha haikjeft på desse små båtane, seier Dave Ole Eidet i Marinus Aqua Service.

– På nybygg er det greit nok. Då er det ein kostnad ein tar når ein først skal bygge, då er ein allereie i banken for å få pengar, så då har det ikkje så stor betydning. Men når ein skal gå inn i eldre båtar og legge inn so mykje pengar i utstyr ein ikkje har behov for, då er det eit irritasjonsmoment. Det trur eg dei aller fleste er einig i, seier han.

– Tryggleik er viktig
Eidet legg likevel vekt på at tryggleik er viktig, og at det er positivt at Sjøfartsdirektoratet kjem med innstramande krav for tryggleiken om bord.

– For all del, tryggleik er viktig, men dette er ikkje noko som bidreg særleg til tryggleik for oss. Me har fått frislepp på vinsjane, og det er fornuftig. Det er ingenting å seia noko på, seier han.

Skeptisk til ROC-kurs
iLaks har vore i kontakt med både Stava Sjø og Nærøysund Aquaservice. Dei er einig i noko, men ueinig i at, til dømes, haikjeftane er bortkasta pengar.

– Akkurat det med haikjeft trur eg at det er noko som kan vera greit å ha. Eg er meir skeptisk med VHF og ROC-kurs på dei minste båtane, seier Brynjar Karlsen, dagleg leiar i Nærøysund Aquaservice.

– Det er dyrt, og veldig store kostnadar. Det er det ikkje tvil om, legg han til.

Hadde ikkje skaffa Aqua Cutter utan krav
Før helga vart det utsendt ei pressemelding av Aqua Cutter om at «Cermaq, Blom Fiskeoppdrett og Stava Sjø vel Aqua Cutter for å påsjå at deira service-båtar vert ein sikker arbeidsplass.»

Det er eit integrert kutte- og haikjeftystem som møter dei nye reglane for frislepp og haikjeft gitt av Forskrift 19. desember 2014 nr. 1853, § 16.Krav til nødutløsning ved sleping eller ankerhåndtering.

– Hadde de skaffa dykk ein slik hadde det ikkje vore for kravet?

– Nei, svarar Trond Stava, dagleg leiar i Stava Sjø.

– Kravet om frislepp på vinsjen er fornuftig, men det utvida kravet om ROC-kurs ser eg ikkje behov for. Det meiner eg ikkje er naudsynt. Frislepp er fornuftig – til dei gangane me vil få behov for det. Men me har jobba sidan 2011 og me har ikkje vore i situasjonar der me har hatt behov, seier Stava vidare.

– Stor kostnad
Også Eidet i Marinus Aqua Service meiner det vert stilt store krav om kursing på kort tid.

– I løpet av eit halvanna år skal dei på skulebenken, ta ROC-kurs – berre der er det ein stor kostnad, tryggleikskurs, og dei har i tillegg enno ikkje landa på kva papir ein skipper skal ha på desse båtane, seier Eidet.

– Det er positivt med tryggleikskurs. Det er viktig, men den er ein alvorleg kostnad på så kort tid. Det kom litt kjapt. Dei kunne spreidd det utover fleire år, seier han.

Forsvarer haikjeften
Underdirektør for lasteskip i Sjøfartsdirektoratet, Ole Morten Fureli, forsvarar haikjeften, og fortel at ROC-kurset ikkje er eit nytt krav.

– Det som skjedde 1. januar 2015 er at forskrifta med krav om fartøyinstruks trådte i kraft. Innfasinga av tilsynet med fartøya har avdekka at mange ikkje tilfredsstiller dei føreskriftene som har vore gjeldande i lang tid. Dette medfører då at fartøyinstruksen vert dyr. ROC har det vore krav til på blant anna slepebåtar under 15 meter sidan 2004 og for lasteskip generelt sidan 2014, seier Fureli.

Når det gjeld haikjeften gjekk denne på høyring fyrste gong 1. juli 2013. Nytteverdien av ein haikjeft meinar han framgår av Havarikommisjonen sin rapport om Stålbjørn-ulukka utanfor Hitra 31. juli 2013.

«Paragrafens punkt 3 stiller krav til lukkede styrepinner og haikjeft, hvilket etter Havarikommisjonens syn alene ville ha forhindret denne ulykken», heiter det i rapporten.

– Me kan gjerne diskutere kor godt kjennskap me har til operasjonane, men me har lærd av ulukkene, seier Fureli.

Han er òg ueinig i at reglane kom for brått på.

– Me byrja med arbeidet i 2010/2011, gjennomførte tre høyringar og forskrifta trådte i kraft i januar 2015. Reglane for haikjeft gjeld ikkje før januar 2018. Næringa har hatt tre år på seg til å få det montert, seier han.