Quantidoc vant oppfinnarpris

2660

Hordaland fylkeskommune sin oppfinnarpris 2013 vart delt mellom to vinnarlag som begge kjem frå forskingsmiljøet ved Universitetet i Bergen. Og for første gong fekk ei kvinne oppfinnarprisen. Begge vinnarlaga er tildelt prisen for utvikling av diagnoseverktøy til bruk i oppdrettsnæringa, og tek for seg helsetilstand og sjukdom hos fisk.

Bedrifta Quantidoc ved Karin Pittmann og Bjarne Ravnøy får prisen for oppfinninga «Mucosal Mapping» som er ein metode for å slimtesta og måla helsetilstanden til fisk. Karin Pittmann er den første kvinna som får fylkeskommunen sin oppfinnarpris. Frank Nilsen og Per Gunnar Espedal får oppfinnarprisen for oppfinninga «Gentest for resistent lakselus», melder Hordaland Fylkeskommune.

Prisen vart utdelt av fylkesordførar Tom-Christer Nilsen under fylkestinget sitt møte 11. desember.

Vinnarar av Hordaland fylkeskommune sin oppfinnarpris 2013. Frå venstre: Frank Nilsen, Per Gunnar Espedal, fylkesordførar Tom-Christer Nilsen, Karin Pittmann og Bjarne Ravnøy.
Vinnarar av Hordaland fylkeskommune sin oppfinnarpris 2013. Frå venstre: Frank Nilsen, Per Gunnar Espedal, fylkesordførar Tom-Christer Nilsen, Karin Pittmann og Bjarne Ravnøy.

Den marine næringa

Hordaland er ein sterk fiskeri- og akvakulturregion, og er eit nasjonalt senter innan marin forsking og utvikling (FoU) og utdanning. I år var det fleire gode søkjarar frå den marine næringa, så gode at juryen valde å dela prisen til to oppfinningar frå denne næringa. Oppfinnarane kjem frå same forskingsmiljø, og er framståande forskarar.

Frisk slimete fisk

Quantidoc si oppfinning «Mucosal Mapping» er ein metode for å slimtesta fisk. Slimhinnelaga på fisken er ein viktig indikator for fiskens velferd og toleevne for behandling mot parasitter som til dømes lakselus. Oppdrettarar sender inn prøver til Quantidoc, som så kan analysera etter ei rekkje parameter for å måla helsetilstanden hos fisk. Analysane vil også vera til hjelp for å utvikla nye fôrtypar eller produkt. Testane viser effektiviteten av kvar behandling, og er derfor eit presist verktøy som kan hjelpa næringa med å ta strategiske val. Oppfinninga er utvikla og finansiert i samarbeid med næringa og har mellom anna fått støtte frå Innovasjon Norge.

Utviklarane av sjølve produktet er professor innan fiskebiologi ved institutt for biologi ved Universitetet i Bergen, Karin Pittman, og Bjarne Ravnøy som no har danna selskapet Quantidoc.

Men det står eit stort team bak denne oppfinninga. Selskapet Quantidoc inkluderer Aurora Campo, Stine Karlsen, Amanda Pittman Botnen, Terese Ciepinska, Ingrid Fiksdal, Philippe Sourd, Elisabeth Sweetman, Dag Finne og Jørgen Borthen.

Gentest av lakselus

Oppfinninga «Gentest for resistent lakselus» er ein metode som gjer det mogleg å identifisera lakselus som er resistent mot det mest brukte lusemiddelet i dag. Det vert gjort ved ein test som kopierer og isolerer enkelte delar av DNA. Bak oppfinninga står professorane i fiskehelse ved Universitetet i Bergen, Frank Nilsen og Per Gunnar Espedal.

Nilsen og Espedal har funne mekanismen bak resistensen hos lakselus. Oppfinninga gjer at ein kan testa før ein set i gang kostnads- og tidkrevjande behandling som kanskje ikkje fungerer og ein unngår då feilmedisinering. Dette er eit viktig og etterlengta verktøy for heile den marine næringa både i Norge og utanlands. Produktet er testa i felt hausten 2013 og vil innan kort tid vera på marknaden.

Patentet er lisensiert til bioteknologiselskapet Patogen Analyse. Prosjektet er finansiert av Forskningsrådet og Universitetet i Bergen.

Den delte oppfinnarprisen 2013 er på kr 50 000 til kvar av dei to prisvinnarane, som også fekk diplom og blomar.