Over 80 prosent av innkjøpa kom frå Vestlandet

Nyheter
1003

Lerøy Vest og Sjøtroll Havbruk gir store lokale ringverknadar, ifølgje ein analyse presentert av administrerande direktør i selskapa, Willy Berglund.

Dei to selskapa, som har 63 konsesjonar, og totalt om lag 40 lokalitetar i drift, gjorde leverandørinnkjøp for 2,4 milliardar i 2016, og hadde ei samla verdiskapning på 1,9 milliardar.

Det skreiv iLaks om allereie i mai. No er det gjort ei komplett ringverknadsanalyse.

Over 60 prosent av innkjøpa vart gjort i Hordaland og Rogaland, medan Sogn og Fjordane sto for om lag 22 prosent. Totalt over 80 prosent på Vestlandet.

– Eg er veldig stolt av at me skapar slike ringverknadar lokalt, seier Berglund til iLaks.

– Det er veldig viktig å ha gode leverandørar lokalt, som hjelp oss når me treng det. Kompetanse og arbeidsplassar lokalt er naudsynt. Difor er det utruleg viktig for oss å handle lokalt, seier Berglund vidare.

SJØTROLLBYGGET: I Bekkjarvik held Lerøy Vest og Sjøtroll Havbruk til. FOTO: Ole Alexander Saue.

Mykje fôr
Dei største kommunane var Stavanger, Flora, Austevoll, Bergen og Karmøy.

«Fôr utgjer den største komponenten, og storparten kjem frå EWOS sitt anlegg i Flora kommune og Skretting sitt anlegg i Stavanger kommune», heiter det i rapporten.

– Austevoll har ein bra leverandørindustri, og reiarlaget som eig brønnbåten våras, i tillegg til Austevoll Laksepakkeri, er lokalisert i kommunen, seier Berglund.

Totalt vart det handla varer og tenester frå 148 kommunar og 1.770 ulike leverandørar.

Flest på Bømlo
Lerøy Vest, med 37 konsesjonar, har 200 tilsette i Hordaland og Rogaland, medan Sjøtroll Havbruk, med 26 konsesjonar, har 220 tilsette i Hordaland.

Bømlo, Austevoll og Tysnes har flest tilsette. På Bømlo-slakteriet har dei 75 tilsette.

– Eg vart veldig gledeleg overraska då eg såg me hadde kjøpt varer og tenester på Bømlo for 75 millionar. Det tykkjer eg er spanande, seier Berglund.

Saman med Lerøy Fossen og Austevoll Laksepakkeri er det total 700 som arbeider med deira laks og aure i Hordaland – kvar dag.

SJEF: Willy Berglund er administrerande direktør i både Lerøy Vest og Sjøtroll Havbruk. FOTO: Ole Alexander Saue.

Verdsleiande
Som hos dei fleste andre norske oppdrettsselskap kjem varer, tenester og teknologi frå Norge.

– Ja, me er jo verdsleiande. Det er veldig spanande norsk teknologi er over heile verda. Det ser ein når ein til dømes er på messa i Brüssel, seier Berglund vidare.

Han kan òg informera om at det gigantiske setjefiskanlegget ved Kjærelva på Fitjar er om lag 10 prosent ferdigbygd.

Anlegget dei har invester 650 millionar kroner i er ein viktig brikke i storsmoltsatsinga til Lerøy.