Oppdrettslaks i elva påverkar omdømet

Nyheter
618

Kanstad Hansen heldt føredrag på Sjømat Norge og Havbruk Nord sin årlege nyttårskonferanse i Tromsø før helga. Han er bekymra for at oppdrettslaksen skal bli verande i elvane dersom det ikkje blir gjennomført årlege drivteljingar med utharpunering i mange nok elvar.

Bestille ei jakt på spøkelse
Det som bekymra Kanstad Hansen mest er at tiltakslista som Oppdrettsnæringas samanslutning for utfisking av rømt oppdrettsfisk (OURO) presenterte for 2016 er basert på rapporten frå nasjonalt overvakingsprogram frå 2015. Den bygge igjen på resultat frå sportsfiske, kortrollfiske om hausten og gyteteljing.

– Det betyr jo at OURO bestille ei jakt på spøkelse. Det kan samanliknast med å prøve å måke snøen som kom i fjor, men det er jo smelta vekk for lenge sidan, seier Kanstad Hansen til iLaks.

I ei tid der omdømet kan vere avgjerande for utvikling av havbruksnæringa, trur han ikkje ein må kvile på at forvaltninga ordnar opp. Det er ifylgje Kanstad Hansen lakselus og rømt fisk som styre det meste i dag, så næringa bør vurdere om dette er noko ein kan leve med.

Redda av gongongen
Under foredraget presenterte Kanstad Hansen ei oversikt over uttaket av rømt oppdrettslaks i utvalde elvar i Troms og Nordland frå 2015 og ei oversikt frå 2016. I 2015 hadde ein restar frå Miljøfondet og oppdrag frå Fiskeridirektoratet som begge var med å dekke arbeidet med uttak av fisk. I 2016, etter at Ouro var etablert, var det i utgangspunktet berre planlagt å gjennomføre utfisking i seks elvar i Troms og seks i Nordland.

Rømmingar frå eit av anlegga til Nova Sea i Nordland og eit Salmar-anlegg i Troms, medførte at ein likevel fekk gjennomført drivteljingar i totalt 17 elvar i dei to fylka i 2016.

– Dersom ein ikkje hadde hatt desse rømmingane er det mange elvar der ein ikkje hadde fått gjennomført utfisking, så det betyr kanskje at også forvaltninga bør tenke nytt, seier Kanstad Hansen til iLaks.