Oppdrettar gjekk over tillaten MTB

Nyheter
685

– Biomasseoverskriding er blant dei mest alvorlege sakene me har, seier seksjonssjef i havbrukstilsynet region Midt, Ruth Lillian Kjæmpenes, til iLaks.

Den 15. august i år vart det sendt eit brev til Øylaks frå Fiskeridirektoratet om pålegg om reduksjon av biomasse i selskapet, som held til i øykommunen Midsund i Romsdal i Møre og Romsdal.

Årsak: I juni og juli hadde Øylaks høvesvis 35 og 7,6 tonn meir fisk enn tillaten i deira to lokalitetar, Juvika og Hellaren, begge på 780 tonn.

Ikkje kartlagt årsaka
No vurderer Fiskeridirektoratet ytterlegare reaksjonar utover krav om reduksjon av biomasse. Overtredingsgebyr og inndragning av innteneste er to mogelege konsekvensar.

– Dei har innrømma at overskridinga er reell, men årsaka har me ikkje kartlagt godt nok enno, seier Kjæmpenes.

– Bagatell
Ingmar Misund, dagleg leiar i Øylaks, forklarar det slik:

– Me fekk noko PD-sjuk frå SinkabergHansen i Trøndelag, og den måtte slaktast ut innan 1. juli, og då kom me litt i skvis og fekk ikkje slakta ut fisken vår.

Han meiner ikkje regelbrotet er av den alvorlege sorten.

– Dette er berre ein bagatell, seier han.

– Bør sjå mellom fingrane
Forventer de dykk reaksjonar?

– Det kan eg ikkje forstå. Me har så låg biomasse frå før uansett, så dei bør kunne sjå litt mellom fingrane, seier Misund.

Sjølv om saka ikkje er ferdig handsama av Fiskeridirektoratet, er Kjæmpenes klar på at dette ikkje er ein bagatell.

– Det kostar å få tak i ein konsesjon, så å bruke for mykje ser me som eit veldig alvorleg brot, seier ho.

– Mykje prosentvis
Men 35 og 7,6 tonn er ikkje veldig mykje?

– Det er ikkje veldig mykje, men prosentvis er det mykje. Dersom eit stort selskap hadde hatt overskriding på tilsvarande prosent, hadde det blitt mykje, seier ho.

Vidare seier ho at det årsaka til brotet speler ei viktig rolle når dei skal vurdere ytterlegare reaksjonar overfor Øylaks.

– At overskridinga er tilnyt forseinka slakting er vanleg. Det vil er ein faktor som speler inn i vurderinga. Så er jo spørsmålet om årsaka til forseinka slakting, som òg er eit viktig punkt, seier ho.

Sjeldan brot
Fiskeridirektoratet seier til iLaks at liknande brot sjeldan skjer. Med tanke på at biomassetilsynet er basert på rapportering frå oppdrettar sjølv, kan det likevel vera mørketal.

– Me har veldig få slike saker i året. BMT-overskriding er veldig sjeldan. I vår region, Trøndelag og Møre og Romsdal, har me ikkje hatt meir enn éin i året. Det er ikkje mange slike saker me har. På landsbasis er det nokre i året, seier ho.

– Når ein rapporterer inn for mykje biomasse, så veit ein jo kva ein gjer, seier ho vidare.