Om konsesjonar og kapital

522

Kronikk: Det er ein god arbeidsmåte å lese historia før ein begynne å undervise i ho. Så også med laksekonsesjonane, skriv Øyvind Kråkås i Salmon Group.

VG har den siste veka via mykje plass til oppslag om 2009 tildelinga av nye laksekonsesjonar. Det er bra. Tildelinga av auka kapasitet kjem mange til gagns. Og samstundes er det viktig at det føregår i opne og demokratiske former. Konsesjonar er privilegium, få andre næringar er regulerte på denne måten i våre dagar.

Dei første reglane for konsesjonar tok utgangspunkt i spreidd eigarskap, og at eigarane skulle vere dei som jobba i næringa. Ein konsesjon pr. eigar, og eigaren måtte vere tilsett ved anlegget. Der finst ulike meiningar om korleis dette regelverket vart forpurra, men eg vil peike på dei mange konkursane i næringa som ein viktig faktor. Når ein konsesjon gjekk inn, var det ynskjeleg både for bank og forvaltning at han gjekk vidare til nokon som kunne faget, og som hadde lukkast med drifta. Det synte seg fort at det var ikkje alle som fekk til å drive lakseoppdrett. Det var ikkje berre å setje ut og håve inn.

Både i konkret og industriell målestokk, vart utviklinga med fleire konsesjonar pr. eigar avgjerande for veksten vi har sett. At måten å drive på er den same i dag som for tretti år sidan, er håplaust å påstå. Lokalitetar med so mykje fisk som ein har i dag, var utenkjeleg då. Dermed var det og utenkjeleg den gong med ein so sterk vekst i produksjonen som den ein har sett. Nye typar anlegg flytta næringa vekk frå dei beskytta lokalitetane i fjører og grunne sund. Fôr og fôringssystem har utvikla seg, vaksiner har frelst ein frå sjukdomsmareritt, og kapitaltilgang har gitt næringa evne til å byggje opp.

Kapitaltilgangen har basert seg mykje på konsesjonane. Konsesjonspapiret er eit verdipapir, og dermed kan banken godta det som pant. Dei store selskapa sin vekst baserte seg på konsesjonspapira sin verdi. Allereie ved tusenårsskiftet bokførte Pan Fish konsesjonar til å vere verd 50 millionar kroner. Dei store selskapa vart ikkje «fødde store». Dei vaks gjennom seriar av oppkjøp. Små og mellomstore selskap forsvann inn i dei veksande konserna, finansiert med lån og emisjonar. Luftig verdisetjing og periodar med høge lakseprisar forsvarte modellar som ein seinare skulle avdekke som mildt sagt altfor håpefulle.

Då bankane til slutt måtte tiltre panta dei hadde i desse laksekonsesjonane, sat dei med ein uslipt diamant mellom hendene. Strukturen var samanraska og underfinansiert. Men inn kom kjøparar med pengar nok til å ta det vidare. Dagens Marine Harvest er eit solid selskap, og med ein langt støare struktur enn forgjengaren Pan Fish. Men gullreserven ligg framleis i konsesjonspapira. Og næringa si evne til å vokse har gjeve god rente til desse papira. Der må ein kollaps i produksjon eller marknad til for å øydelegge desse verdiane. Eller eit frislepp av konsesjonsreglane…

Så kvifor vel somme å selje slike verdipapir? Det er ikkje alltid lett å forstå, men nokre modellar går att. For det første er lakseoppdrett ein nervepirrande produksjon. Som potetbonden, kan du finne at heile avlinga er øydelagd over natta. Varelageret er fisken, og fisken kan døy. Fisk og anlegg må passast seint og tidleg. Mange av dei tidlege oppdrettarane sleit seg beint i hel. Og framleis driv mange med ein høg eigeninnsats for å sikre drift og verdiar. Når desse kjem opp i alder, har dei gjerne ingen til å overta roret, og dei er ikkje laga for ideen om å vere passive eigarar. Dei sel livsverket, med tungt hjarte men med brukande betaling.

Ein annan variant som går att i historia, er at ein har sprengt seg økonomisk. Det går an å kjøpe for dyrt også i oppdrett, og i periodar har lakseprisane vore lågare enn mange har greidd å produsere. Likviditeten blir kjøvd. Høge finanskostnader og dårlege biologiske resultat har vore med og felt mange selskap. Ein laksekonsesjon er mykje verd, men det er og dyrt å drive han. Du får ikkje pengar før fisken er slakta og seld. Inntil då må du legge ut for opphaldet hans. Bankar og fôrselskap har spelt ei avgjerande rolle i næringa si strukturelle utvikling. Tillit hos desse har vore avgjerande for alle som driv i dag.

So er spørsmålet; korleis bør nye konsesjonar tildelast, og kven bør få? Dei som vi betale mest? Dei som har utnytta kapasiteten sin best? Eller kanskje dei som har færrast? Eller nokon som ikkje har frå før? Spørsmålet er politisk, og der finst faktisk ikkje noko upolitisk svar. Alle som har konsesjonar i dag, store som små, har det som fylgje av politiske avgjerder. Dei minste som fylgje av tildelingar, dei største fordi det vart lov å kjøpe og selje konsesjonar. Makta som politikarane har teke på seg, er enorm, fordi verdiane har vorte enorme. Det som skulle vere ei tilleggsnæring, har blitt ei av hovudnæringane.

Det vil sjølvsagt vere freistande som vaktarar av dei uendelege behov, å maksimere staten sine inntekter av nye tildelingar. Men hugs og på at staten gjennom konsesjonssystemet har teke på seg mykje ansvar for korleis næringa utviklar seg. Å presse ut kapital frå næringa, er truleg ikkje den beste måten å forvalte ho på. Hugs at laksen er ei lita brikke i verda si matforsyning, og ei viktig brikke i norsk verdiskaping.

Samstundes er eg einig i at 2009 tildelinga var dårleg tilrettelagt. Kriteria var upresise, det medførte eit ras av klager og rettslege prosessar som enno ikkje er avslutta. Få og presise krav til søkjar/ bodgjevar er ein god regel. Politisk motivert næringsutvikling er alltid vanskeleg, og alle vil vere seg sjølv nærast. Men ein bør prøve å gjere det so enkelt som mogleg. Då må ein velje eit eller få mål å nå. Det aukar sjansen for å lukkast.

So er det ein ting som høyrer til i første time på kapitalistskulen; du blir ikkje rikare av å selje eit verdipapir. Å selje er å veksle inn, og der er i dag få papir du kan veksle i som kastar meir av seg enn norske laksekonsesjonar. Pengar på gullbok kan absolutt ikkje konkurrere. Den mest nærliggande grunnen til å selje oppdrettskonsesjonar, er nok faren for at verdiane skal bli regulerte vekk av politikarane.

Tekst: Øyvind Kråkås