Nytt «uvanleg» år for Nils Williksen: – Ein del humpar i vegen første halvår

Nyheter
517

Lakseeksportør Nils Williksen gjekk i 2016 i underskot, for første gang sidan 2012, som følgje av råstoffmangel. Året i år har ikkje vore noko enklare for eksportøren i Nord-Trøndelag.

Med eit underskot før skatt på 3,2 millionar kroner gjekk rekneskapen til eksportselskapet – eigd av oppdrettarane Midt Norsk Havbruk (MNH), Salmonor og Bjørøya Fiskeoppdrett – i raudt i 2016.

Det forklarte Nils Williksen, som er dagleg leiar i selskapet med same namn, med luseproblem for oppdrettarane dei eksporterer for. Raude tal for eksportøren er for øvrig i sterk kontrast til oppdrettarane, som sat igjen med driftsmarginar på høvesvis 26,5 % (MNH), 41,6 % (Salmonor) og 39,9 % (Bjørøya).

Slakta ut småfisk
– Me hadde ein del humpar i vegen første halvår i år, og me kom ikkje på rett veg før i juni. Me får ikkje eit normalt år i 2017, seier Williksen til iLaks.

Les også: Underskudd for Nils Williksen

For dei hopa problema seg opp éin etter éin: Først PD, og så fekk MNH påvist ILA.

– Då vart det slakta ut ein del småfisk. Me fekk ein stopp i september fordi fisken vart slakta på eit tidlegare tidspunkt, seier Williksen.

Bra volum
No ser det likevel lysare ut for eksportøren som i fjor omsette for 1,5 milliard kroner.

– Det ser veldig greit ut. Det verkar som om me har kome over kneika på fleire områder. Det er PD på éin lokalitet, men den har god utvikling. Det er høgare sjøtemperaturar så det gir veldig god tilvekst her. Det fører til auka slakting og omsetnad, seier Williksen.

– Me har hatt bra volum ein periode no. Produksjonen til eigarane her går godt og ativiteten er jo styrt av korleis det går i sjøen. Me kjøper litt fisk frå anna hald enn òg, men mykje av det med omset for kjem frå eigarane, seier han.

– Topp i slakteaktivitet
Dei siste vekene har det vore opp og ned med lakseprisen, men fleire veker med nedgang. Førre veke kunne iLaks derimot rapportere om at prisfallet stoppar opp.

– Det kom ein nedgang i prisen, så stabiliserte det seg og no stig den igjen. Eg har eit inntrykk av at me kanskje har nådd ein topp i slakteaktivitet, seier Williksen:

– Eg snakkar ikkje om her i Nord-Trøndelag, men eg veit om at plassar der dei reduserer opptaket, seier han, og peiker nordover, og trur nedtrapping er MTB-relatert.