NSL-Eriksson om vekstprisen: – Mindre selskap er prisa ut for startskotet er gått!

877

Det nye vekstsystemet som prisar per tonn til 120.000 kroner skapar hodebry for  Norske Sjømatbedrifters Landsforening (NSL), medan Ørjan Wenberg i Wenberg Fiskeoppdrett fryktar open auksjon.

Administrerande direktør Robert Eriksson reagerer sterkt, og meiner prisen favoriserer dei store aktørane.

– Ynskjer dei berre store aktørar, eller å ivareta eit mangfald? Ynskjer ein å ivareta kulturen og tradisjonane, må ein ta i bruk verktøy i den politiske verktøykassa, og ikkje overlate alt til auksjon – eller diskusjon om pris. Dette handlar om struktur, og om ein skal opne for fleire aktørar. Problemet er at prisane er så hinsides høge at den typiske NSL-medlemsbedriften ikkje har sjanse, seier Eriksson til iLaks.

– Redd me blir taparane
Ørjan Wenberg er dagleg leiar i Wenberg Fiskeoppdrett som har to konsesjonar for laks og aure.

– Sjølvsagt har me tenkt å vokse me òg, seier han til iLaks.

Men det kan langt frå bli enkelt for den vesle familieverksemda i Fauske kommune i Nordland.

– Dei har prisa auksjonen etter to ekstreme år, og me tykkjer den er vanvittig høg. Eg er litt usikker på korleis dei skal organisere auksjonen, og me fryktar at det er heilt opne budrundar, utan politisk styring. Då seier det seg sjølv kven som stikk av som vinnarane, seier Wenberg.

– Eg er redd me vert taparane, seier han avslutningsvis.

Ørjan Wenberg i Wenberg Fiskeoppdrett. Foto: Lars Antonsen.

Dei store er òg negative
Selskap som Cermaq Norway og Grieg Seafood har allereie vore ute i iLaks og kommentert pristilbodet Nærings- og fiskeridepartementet har kome med. Forslaget inneberer at selskap i grønt produksjonsområde får tilbod om vekst med to prosent. Prisen er 120 000 kroner per tonn løyvet vert utvida med. Det utgjer ein konsesjonspris på 93,6 millionar kroner.

Konsernsjef i SalMar, Trond Williksen, i SalMar, reagerer òg på prisen. Les meir om det her.

– Når dei store selskap som SalMar, med den kapitalen, er så til dei grader negative og meiner dette er blodpris og overpris, ja då seier det seg sjølv at NSL-bedriftene, små og mellomstore, er prisa ut før startskotet har godt, seier Eriksson til iLaks.

– Som Emil i Lønneberget
– Så oppsummert: Du er kritisk til både prisen, og ein eventuell auksjon?

– Det seier seg sjølv. Det er ikkje alle som går med 93,6 millionar i baklomma. Ein auksjon blir litt som Emil i Lønneberget, når han dreg på auksjon. Når ein ikkje har pengar, så er det avgrensa kva ein kan by på. Men ein kan vere heldig å få noko tilbake. Det er ikkje det prinsippet som bør leggast til grunn for god og berekraftig vekst i norsk havbruk, seier han.

– Det svingar
– Statssekretær Roy Angelvik (Frp) meiner høge lakseprisar og gevinsten vest gir legitimerer den høge prisen?

– Angelvik og departementet bommar. Ein legg til grunn siste års enorme prisar i berekningane når det gjeld prisinga, og så har ein ikkje teke innover seg at prisane svinger. Ein treng ikkje gå veldig langt tilbake for å sjå at dette svingar. Me ser at det har svinga berre det siste året. Det går opp og ned, seier Eriksson.