Mykje ulovleg laksefiske i Hardangerfjorden

Nyheter
853

– Det er relativt mykje ulovleg fiske med garn, men det blir også fiska mykje i fredningssoner. Me ønsker å få stopp på dette, seier Gry Walle, fiskeforvaltar hjå Fylkesmannen i Hordaland til NRK.

Etter at 36.000 laks rømde frå Lingalaks sitt anlegg ved Varaldsøy i mai, er Hardangerfjorden full av fisk, rapporterer grunneigarar.

– Situasjonen er rimeleg kaotisk og uoversiktleg. Det er enorme mengder med fisk i heile fjorden, seier Arild Alvsåker, formann i Norheimsund og Steinsdalen grunneigarlag.

Oppdrettsfisken må vekk for å verna om villfisken. Det paradoksale er at den mest effektive fiskemetoden tilgjengeleg for folk flest, garn, ikkje er lovleg: Med garn tar ein óg mykje villaks og sjøaure.

– Folk må ta omsyn til villfisken, aure og villaks. Det er ein grunn til at det er så strenge reguleringar. Bestanden av sjøaure i Hardangerfjorden er dårleg, spesielt i midtre Hardangerfjorden. Derfor er det ikkje bra at dei tar ut så mykje sjøaure i garn, seier Walle.

Fylkesmannen har fått mange rapportar om ulovleg garnfiske, og har sendt melding om det til Politiet.

– Vi har mottatt skrivet frå Fylkesmannen, og vi vurderer å melda folk. Det bør gjerne skiltast betre, seier lensmann Terje Sperrevik i Kvam.