Mattilsynet gir lakseeksportørane omveg

Nyheter
919

Mattilsynet legg ned tilbodet om utstedelse av eksportdokument i Oslo frå og med 1. januar 2018.

Det framgår i eit dokument iLaks har fått innsyn i.

Attestutstedelse vil dermed frå nyttår bli gjort frå Kløfta i Romerike, dryge tre mil frå Oslo. Det kan gi problem for eksportnæringa, skal me tru Tore Johansen, dagleg leiar i Oslo Customs Brokers. Hans selskap driv med fortolling, transittering, og arbeid med helsesertifikat til fiskeeksportsendingar, og liknande.

Desentraliserer
– I korte trekk betyr det ein vesentleg dårlegare service for eksportørane. Dei desentraliserer det og flyttar det til Romeriket, seier han, og legg til:

– Me, som ekspeditør, er knyt til eksportørane i Oslo.

Vidare peiker han på ytterlegare miljøutslepp frå fullasta vogntog, på ein elles belasta E6 nord for Oslo.

iLaks har ikkje lukkast i å få ein kommentar frå Karina Kaupang, Mattilsynet sin regiondirektør i Stor-Oslo.

Dyrare
Espen Andersen i Lerøy Seafood har såvidt fått med seg endringa, men har ikkje sett seg inn i det enno. Han var ordknapp om vedtaket då iLaks snakka med han fredag føremiddag.

– Eg fekk veta det i går, men eg har ikkje sett meg inn i det, seier Andersen i Lerøy Seafood.

Kva betyr dette for dykk som eksportør?

– At me må køyre lengre og det vil koste oss meir pengar. Det gjer det veldig klussete. Når me skal hente dokument i rush-tid så kan det bli problem, seier han.

– Eg må setje meg inn i det. Eg må snakke med Mattilsynet om kva dei har tenkt å gjere for å ivareta våre interesser. I utgangspunktet kjem me nok til å løyse det, men det vert kanskje ikkje dei lukkelegaste løysingane, seier han.