– Må våge å diskutere utfordringer

Meninger
855

Ove Trellevik (H) sitt første leserinnlegg: Rettsikkerhet og lakselus

Her forsøker Trellevik, i kjent stil og mot betre vitane, å lage storm i eit vannglas.

For det første var fiskeriministeren og eg heilt samde i at vi ikkje diskuterte eller dømde utifrå enkeltsaker i denne interpellasjonen, og så og seie alle som hadde ordet i debatten roste AP for å setje søkelyset på fiskevelferd og ta opp spørsmålet om vi hadde riktige verktøy i verktøykassa for å ivareta god nok fiskevelferd. Eg var også heilt klar på at dette  som var vist bilder av i media, ikkje var representativt for dei anmelde selskapa. Og at Mattilsynet sin jobb ikkje var å varsle media. Eg viste også til det enorme volumet med oppdrettfisk som blir produsert i Norge, for å vise til at det vi har sett bilder av i media er unntaket – og ikkje reglen i norsk havbruk.

Så var eg svært utolmodig vedrørande å få på plass miljøindikatorer slik som Stortinget hadde bedt om.

Eg meinar det er viktig for heile havbruksnæringa at vi tek debatten og står opp for alle dei som kvar dag jobber og gjer sitt ytterste rundt om på merdane og muliggjer den gode fiskevelferda vi har i Norge og står opp for at norsk laks er trygg og sunn mat, då må vi våge å diskutere utfordringer og muligheiter. Og i denne debatten vart ingen dømd tvert om konkluderte eg med at vi hadde og fortsatt skal vere verdas fremste sjømatnasjon og vi har verdas beste fiskevelferd.