Lakserømming i Solund

Nyheter
879

– Rømminga vart oppdaga under ein inspeksjon på anlegget måndag, seier pressetalsmann Eivind Nævdal-Bolstad i Marine Harvest til NRK Sogn og Fjordane.

Då vart det oppdaga ei hol i nota. I merden stod det i utgangspunktet 192 000 fisk, med ei snittvekt på 3,5 kilo.

– Vi veit førebels ikkje kor mykje fisk som har rømt, og har sett i gang teljing av fisken som står igjen i merden.

For å avgrense skadane av rømminga er det sett i gang gjennfiske, og lokale fiskarar er oppmoda om å bidra i utfiskinga. Selskapet betalar 500 kroner per innleverte fisk frå anlegget. Så langt er det 29 fisk som er fanga etter rømminga.

Marine Harvest ser svært alvorleg på hendinga og vil i samarbeid med Fiskeridirektoratet og leverandørar undersøke korleis skaden har oppstått.