– Inkonsekvent og lite gjennomtenkt av Veterinærinstituttet

Nyheter
999

Grunde Bruland, partner og leiar av Wikborg Reins kompetansegruppe for fiskeri og havbruksrett, reagerer på Veterinærinstituttet sin høyringsuttale.

«Slik forslaget står i dag kan én lokalitet brukes til å vurdere vekst, mens den økte biomassen kan produseres på én eller flere andre lokaliteter. Det er ofte lokale forhold som gjør det mulig å holde særlig lave lusetall på en enkeltlokalitet», står det i brevet signert Veterinærinstituttets avdelingsdirektør, Arne Flåøyen, og leiar for lakselusforskning, Kari Olli Helgesen.

Arne Flåøyen i Veterinærinstituttet.

«Kollektivt nedtrekk»
Bruland, kjent som rådgjevar for oppdrettsnæringa, seier til iLaks at han tykkjer Veterinærinstituttet sin høyringsuttale er både «inkonsekvent og lite gjennomtenkt».

– Heile produksjonsområdeforskrifta er basert på ein tanke om «kollektivt nedtrekk» av konsesjonskapasitet, uavhengig av status på lokalitet. Dersom ein kvalifiserer for unntak frå dette utgangspunktet, må sjølvsagt òg unntaket gjelde på konsesjonsnivå, og ikkje på lokalitetsnivå, seier Bruland til iLaks, og legg til at alternativet er at aktørar får nedjustert lokalitetskapasiteten på enkeltlokalitetar med høgt lusenivå – som allereie vert praktisert av Mattilsynet.

– I strid mot grunnleggjande regelverk
Advokaten har fleire innvendingar mot den ordninga Veterinærinstituttet legg opp til.

– Ved kontroll av biomassenivå skjer dette på selskapsnivå, og ikke på konsesjonsnivå, gjennom reglane om selskapsbiomasse/konsernbiomasse. Dersom vekst bare skulle kunne utnyttast på dei lokalitetane som utgjer kvalifikasjonsgrunnlaget for veksten, er dette ei ordning som går i strid mot heilt grunnleggjande regelverk for oppdrettsselskap, seier han.

– Lokalitetskapasiteten auker jo ikke ved eit slikt vedtak, og den einaste moglegheita for at veksten i så tilfelle skulle kunne bli teken i bruk er om kapasiteten på lokaliteten ikkje har vore utnytta allereie, seier Bruland vidare.

– Meget komplisert regelverk
I eit intervju med iLaks onsdag seier Olli Helgesen i Veterinærinstituttet at at «det blir mot intensjonen dersom ein gunstig lokalitet blir brukt til å auke produksjonen på ein annan lokalitet.»

Bruland sår tvil om at Veterinærinstituttet har forstått regelverket.

– Det er sjølvsagt eit meget komplisert regelverk og det er forståeleg at ein ikkje alltid ser desse samanhengane. Eit anna vesentleg poeng er prisen som skal betalast for den veksten ein kvalifiserer til. Ein pris på 93 millionar kroner per konsesjon (113 millionar i Troms og Finnmark) er openbart satt ut frå moglegheitene som ligg i utnyttelse dersom konsesjonane inngår i felles biomassetak. Dersom vekstkonsesjonar skal haldast utanfor det vanlege biomassetaket og berrer kunne brukast på éin enkelt lokalitet, blir eg overraska om nokon ynskjer å betale denne prisen, seier Bruland.

– Relativ beskjeden auke
Statssekretær Roy Angelvik tek òg ordninga i forsvar, og meiner den auken i produksjon ikkje er nok til å skape bekymring.

Statssekretær Roy Angelvik. FOTO: Ole Alexander Saue.

– Departementet har so langt vurdert at den auka produksjonen, som vil finne stad på bakgrunn av unntaksreglane, vil vere relativt beskjeden, og at det vil innebera auka tilsyns- og forvaltningsmessige byrder å stille vilkår som eventuelt skal sikre at den auka kapasiteten kun skal nyttast på bestemte lokalitetar, seier Angelvik.

Videre har dei lagt vekt på at unntaksreglane kun kjem til bruk overfor den faktiske produksjonen som finn stad på lokalitetar som oppfyller kriteriene for unntak.

– Den auka produksjonskapasiteten vil difor, om den vert nytta på lokalitetar som ikkje oppfyller kriteriene for unntak, ikkje vere skjerma frå konsekvensane av eventuelt raudt lys i produkjonsområdet ved neste kapasitetsjustering.